Oversøknad på byggingeniørlinja

Frå hausten startar Høgskulen i Sogn og Fjordane ingeniørstudium innan bygg- og anlegg. Til venstre; instituttleiar Eli Nummedal.

Frå hausten startar Høgskulen i Sogn og Fjordane ingeniørstudium innan bygg- og anlegg. Til venstre; instituttleiar Eli Nummedal. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

God start for den nye linja i Førde - langt fleire søkarar enn det er plassar.

DEL

Søkjartala frå Samordna opptak syner at 42 personar har ingeniør bygg og anlegg som førsteval. Sju av desse er kvinner.

– Dette er gode tal, men eg skulle gjerne sett at fleire jenter også hadde søkt, seier instituttleiar, Eli Nummedal.

I tillegg har ni personar søkt opptak gjennom y-vegen og 17 gjennom tresemester. Dette er kandidatar med høvesvis fagbrev, og generell studiekompetanse utan nok matematikk og fysikk.

Les også: Høgskulen får utdanne bygg- og anleggsingeniørar

Fornøgd leiar

Totalt er det 159 som har søkt på linja. Dette inkluderer tal frå første- til sisteval.

– Å få studentar til nye studium kan gå treigt, men vi er fornøgd med søkjartala. Det viser seg at byggfag, men også elektro, er blitt meir populært. Eg trur og at den gode merksemda studiet har fått, spesielt frå bransjen si side, er mykje av årsaka til den søkjarmassen vi no ser, seier Nummedal.

Konkurranse om plassane

Pågangen gjer til at konkurransen for å kome inn vert stor. Berre 25–30 studentar får tilbod om plass.

– Vi veit jo ikkje om alle som har søkt er kvalifiserte, men det er kjekt å sjå at vi no får dette til, seier Nummedal.

No gler ho seg til å kome i gong.

– Det har vore ei positiv forventing til studiet, og det skal bli spennande å få starte og jobbe med det til hausten.

Artikkeltags