– Dette krigsminnet har vore ei utfordring

Først når maskinentrepenør Magne Hafstad fekk på plass si største gravemaskin vart tyskarbunkeren i sandtaket på Hafstad historie. Bildet er teke medan arbeidet med «å pigge» bunkeren føregjekk. Tysdag ettermiddag var arbeidet fullført. - Den har vore ei utfordring for oss, seier Magne Hafstad.

Først når maskinentrepenør Magne Hafstad fekk på plass si største gravemaskin vart tyskarbunkeren i sandtaket på Hafstad historie. Bildet er teke medan arbeidet med «å pigge» bunkeren føregjekk. Tysdag ettermiddag var arbeidet fullført. - Den har vore ei utfordring for oss, seier Magne Hafstad. Foto:

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– No er endeleg denne bunkeren historie, seier maskinentreprenør Magne Hafstad. Han siktar til at dei på tysdag endeleg kunne avslutte arbeidet med å knuse bunkeren frå krigens dagar i sandtaket ved E39 på Hafstad.

Arbeidet med å fjerne bunkeren starta for 1 1/2 år sidan.

På «halv åtte»

– Ja, det har vore ein lang prosess, og den har vore ei utfordring for oss. Og etter at vi fekk bunkeren til å skli nedover i sandtaket, har den lege på «halv åtte», seier Hafstad om tyskarbunkeren som han anslår til å ha ei totalvekt på innpå 700 tonn.

– Vi har hatt litt større problem enn kva vi hadde rekna med når det gjeld dette krigsminnet. Og ingen tvil om at tyskarane brukte store mengder med jern-armering, seier Hafstad.

Er historie

Hafstad viser til at dei ved fleire høve har prøvd å knuse bunkeren.

– Vi har prøvd «å pigge» bunkeren saman og vi har prøvd å sprenge den. Men så langt fånyttes. Men då vi fekk på plass den største gravemaskina eg har, og som veg nærare 40 tonn, fekk vi nok tyngde til å knuse bunkeren bit for bit. Og tysdag ettermiddag var alt historie, seier Hafstad då Firda kontaktar han for å høyre om korleis prosessen har vore.

– No er betongen i bunkeren knust, og jernet blir levert inn til gjenvinning. Så no er denne bunkeren endeleg historie, seier Hafstad.

Til samband

Bunkeren som no er blitt fjerna, var i utgangspunktet konstruert som ein mannskaps-bunker for seks personar, men på Hafstadbakken hadde den funksjon som ein sambands-bunker. Bunkeren hadde ei ekstra utsparing for radioantenne, samt dokument som viser at det var eit sambandspunkt her.

– Berre betongen i sjølve bunkeren er på over 500 tonn. Veggane og taket er nemleg mellom 1 og 1 1/2 meter tjukke. Dessutan kjem det armering/rundstål og formstål på minst 10 tonn. I tillegg til bunkeren var det støypt ein stillingsplass for maskingevær inntil bunkeren. Så totalt er det snakk om over 600 tonn, kunne den krigsinteresserte Knut Øyvind Åsen fortelje til Firda då arbeidet med å fjerne bunkeren tok til i oktober 2015.

Les også saka om 600 tonn krigshistorie i grus.

Artikkeltags