Trafikkulukke på E39 på Nordfjordeid

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Ein person send til sjukehus med luftambulanse.

DEL

Politiet melde like over klokka 12.30 om eit trafikkuhell på E39 ved Mogrenda i Eid kommune. Naudetatane rykte ut til staden. Ifølge Helse Førde AMK er to personar involverte.

Ei stund etter ulykka var det manuell dirigering på grunn av ulykka.

Påkøyrt bakfrå

Ifølge Arve Samsonsen ved politiets operasjonssentral er det snakk om ein påkøyrsel bakfrå.

– No er alle naudetatar på staden og bilberging er på veg. Det er ikkje mistanke om promillekøyring, seier Samsonsen, like før klokka 13.

Ein av dei involverte er frakta til Førde sjukehus i luftambulanse, den andre er køyrt med ambulanse til Eid sjukehus.

Beslagla førarkort

Politiet har oppretta sak etter ulykka.

– Førarkortet til den mistenkte bilføraren er beslaglagt, melder Vest politidistrikt.

Torsdag kveld melder Helse Førde at begge dei involverte er innlagdt på sjukehus. Den eine har moderate skadar, medan den andre er lettare skadd.

Artikkeltags