Måtte hente ned skadd mann frå fjellet med redningshelikopter

Var ute på fjelltur natt til søndag då gjekk det gale.

DEL

Ein mann i 20- åra datt og skadde foten under ein fjelltur ved området Fresvikbreen Huldabotn i Sogn natt til søndag.

Politiet fekk melding klokka 01.30 om at mannen ikkje greidde å kome seg ikkje ned på eiga hand.

– Det var dårleg dekning i området. Først sende vi frivillige redningsfolk opp dit, men det var så ulendt at vi måtte hente mannen med redningshelikopter, seier operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Firda søndag morgon.

Den utanlandske mannen, som skal ha vore turist, vart frakta til Førde sjukehus for behandling.

– Han hadde skader i ein fot, og det var ikkje fare for liv og helse, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags