Mann i 30- åra frakta til Førde sentralsjukehus, blei slege i ansiktet med gjenstand

DEL

Ein mann i 30- åra er frakta til Førde sentralsjukehus etter at han blei og skadd i Øvre Årdal søndag morgon.

– Det var ein forbipasserande som kom over mannen. Han hadde skader i ansiktet, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.

Politiet fekk melding om hendinga klokka 05.20 og rykte ut til staden.

– Vi har ein mistenkt i saka som vi har kontroll på. Han blir avhøyrt.

Dei to personane hamna i  slåstkamp i løpet av natta, men bakgrunnen for dette er ukjent.

– Fornærma i saka skal vere slegen med ein gjenstand i ansiktet, men det er noko uklart kva gjenstand det er snakk om.

Artikkeltags