Kvinne i 20-åra døydde av rabies

Førde sentralsjukehus opplyste måndag kveld at pasienten som var innlagt med rabiessmitte døydde tidleg måndag kveld.

Førde sentralsjukehus opplyste måndag kveld at pasienten som var innlagt med rabiessmitte døydde tidleg måndag kveld. Foto:

Måndag kveld døydde pasienten som var innlagt med rabiessmitte på Førde sentralsjukehus.

DEL

– Pasienten var innlagt i vår intensivavdeling, og døydde fredeleg med den næraste familien rundt seg, opplyser fagdirektør i Helse Førde, Trine Hunskår Vingsnes i ei pressemelding.

Pasienten vart smitta av sjukdommen ved eit hundebit under ein ferietur i Asia for om lag to månader sidan. Sjukehuset fekk kjennskap til kontakten med hund sist torsdag, og laurdag stadfesta prøvesvar at vedkommande var smitta av rabies.

– Vi er kjent med at det var ei kvinne i 20-åra, busett i Førde, som døydde, seier Førde-ordførar Olve Grotle.

Kvinna er opphavleg frå Hordaland.

Han fortel at kommunen gjer det dei kan for å støtte dei pårørande.

– Når dette endar med eit så tragisk utfall, har vi det kommunale hjelpeapparatet klart, seier Grotle.

Helse Førde vil halde fram sitt arbeid med smittevern blant eigne tilsette og andre som var i kontakt med pasienten.

Helse Førde legg til at dei ikkje kjem til å gje ytterlegare kommentarar eller intervju til media måndag kveld. Dei skriv også i pressemeldinga at dei pårørande har bede dei om å formidle at dei ikkje ønsker å bli kontakta av media.

Fakta om rabies

Om ein blir smitta har rabies eit raskt forløp. Sjukdommen debuterer med smerter og ubehag i og rundt bitstaden, samt sjukdomskjensle. Deretter følgjer uro, depresjon og angstanfall. Hyperaktivitet, aggresjon, hyperventilasjon, auka spyttsekresjon og krampeanfall.

Gradvis aukande lamming og koma.

Sjukdommen er nesten alltid dødleg, og tek livet av 50.000-70.000 i året.

Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Artikkeltags