Kjøpte salongen ho sjølv var kunde i

JUBILEUM: Irene Djupevik har styrt Bailine-salongen i 10 år. Etter nyttår vert Bailine også eit tilbod for menn.

JUBILEUM: Irene Djupevik har styrt Bailine-salongen i 10 år. Etter nyttår vert Bailine også eit tilbod for menn. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

HELSE: No feirar ho 10 år som eigar av Bailine Førde.

DEL

– Eg har alltid vore interessert i trening og kosthald. Difor bestemte eg meg for å kjøpe salongen, då den førre eigaren valde å gje seg for ti år sidan, seier Irene Djupevik.

Ukjent for folk flest

I september var det 10 år sidan Djupevik tok over som eigar av Bailine i Førde. Salongen, som ligg på sørsida ved Esso-stasjonen, er den einaste i Sogn og Fjordane.

– Sjølv om Bailine som organisasjon er snart 50 år, er det ukjent hos folk flest. Det overraskar meg, seier Djupevik.

Bailine er ein kombinasjon av ein slankeklubb og eit treningssenter, der ein kan velje øvingar som formar figuren eller styrketrening med vekter, alt i kombinasjon med elektronisk trening. Kundane til Djupevik kjem frå heile fylket.

– Eg har kundar frå Høyanger til Svelgen. Kundane har som oftast to timar i veka på ein halvtime kvar, men for dei som har lang reisetid slår vi timane i lag, seier Djupevik.

Kosthald er viktig

Som ny kunde vert vekt og mål registrert. Deretter vert alle data lagt inn i eit analyseprogram som reknar ut BMI (body mass index – forholdet mellom vekt og høgde) og kor mange kilo personen kan gå ned. Så legg Djupevik opp eit kosthaldsprogram.

– Kosthaldet er det viktigaste viss ein vil ned i vekt. Ved ei livsstilsendring handlar det å finne den vegen som passar for deg, som du kan leve med.

Til no har Bailine berre vore eit tilbod for kvinner, men etter nyttår opnar salongen også for menn.

Denne veka skal Djupevik også halde eit seminar på Øyrane vidaregåande skule om Bailine. Dit kjem også legeparet Sofie og Erik Hexeberg for å halde føredrag om korleis kosthald kan redusere medisinbruken til folk.

– Alle er hjarteleg velkomne, seier Djupevik.

Artikkeltags