Funne tarmbakteriar i drikkevatnet til to barnehagar i Førde. Set i verk naudkloring

TO BARNEHAGAR: SunnLab har funne tarmbakteriar i Solsida barnehage avdeling Toene og avdelinga deira på Haugum.

TO BARNEHAGAR: SunnLab har funne tarmbakteriar i Solsida barnehage avdeling Toene og avdelinga deira på Haugum. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Det er funne tarmbakteriar i drikkevatnet til Solsida barnehage sine avdelingar på Toene og Haugum.

DEL

– Vi har varsla dei to barnehagane og sett i verk naudkloring, seier Magne Reidar Førde, som er driftsingeniør og fagansvarleg på vassverket i Førde.

Vassverket har gjort rutinemessige stikkprøvar av drikkevatnet i tre Førde-barnehagar: Slåttebakkane barnehage, Solsida barnehage avdeling Toene og Haugum.

I dei to sistnemnde blei det funne tarmbakteriar i prøvane. Det var bedrifta SunnLab som gjorde analysen, og varsla vassverket i 13-tida denne tysdagen.

– Foreldre treng ikkje vere uroa

– Dei som har born i barnehagane treng ikkje vere bekymra. Vi har gitt barnehagane beskjed om at dei ikkje skal drikke vatn som ikkje er kokt, verken tysdag eller onsdag. Det er ikkje akutt smittefare utifrå mengda eller typen bakterie. Men ungar, eldre og sjuke kan få litt ubehag om dei får i seg bakterien, seier driftsingeniør Magne Reidar Førde.

Han seier det dreier seg om generelle tarmbakteriar, slike ein finn på toalett i det daglege.

– Finst bakteriane i drikkevatnet til hus i nærleiken av barnehagane?

– Ja, det er i vatnet i området. Men det er i små mengder, og bakteriane er ikkje farlegare enn om du skulle tatt i ei dørklinke inn til toalettet. Men vi skal vere føre var når det er så mange ungar samla på ein stad. Det ville vore det same på ein sjukeheim eller sjukehus, seier Førde.

Skal dobbeltsjekke

Driftsingeniøren seier at vassverket no tar nye prøvar av vatnet til dei to barnehagane. Målet er å avdekke om dei førre prøvane kan ha vore feilaktige, til dømes ved at ei prøveflaske har kome borti noko.

– Vi tar nye prøvar for å eliminere slike feil med prøvane. I tillegg naudklorar vi vatnet. Når vi er ferdig med å kloringa anten onsdag eller torsdag, kjem vi til å ta nye prøvar på andre plassar for å kontrollere at nettet er reint igjen, seier Førde.

Han seier vassverket årleg tar 50–60 stikkprøvar av drikkevatnet ulike stader i Førde. Vassverket skal ta nye stikkprøvar om 14 dagar, slik den årlege prøveplanen krev.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken