Rullestolulukka ved sentralsjukehuset får ikkje noko rettsleg etterspel

LAGT VEKK: – Etter ei samla vurdering finst det ikkje allmenne omsyn som krev ei offentleg påtale, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes.

LAGT VEKK: – Etter ei samla vurdering finst det ikkje allmenne omsyn som krev ei offentleg påtale, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes. Foto:

Av

FØRDE: Fylkesmannen meinte Helse Førde braut lova, men Statsadvokaten har lagt saka vekk.

DEL

FIRDAPOSTEN: Det er NRK som melder dette.

Det var i januar i fjor at ein pasient døydde etter at han fall utfor trapp med rullestol.

– Etter ei samla vurdering finst det ikkje allmenne omsyn som krev ei offentleg påtale, seier statsadvokat Jan-Inge Wensell Raanes.

Det forklarar han med at det ikkje finst strafferettslege bevis for at det er gjort feil som er så store eller graverande at det er behov for å gå vidare med ei straffesak.

Statsadvokaten har sett både på om det ligg skuld hos enkeltpersonar ved sjukehuset, og om sjukehuset som føretak kan lastast. Men ingen kan haldast ansvarlege, er hans konklusjon.

Fungerande fagdirektør i Helse Førde, Rune Larsen, seier det er ei tragisk sak for alle partar, men han merker seg at statsadvokaten stort sett har følgt råda til Statens Helsetilsyn.

Artikkeltags