Åsen & Øvrelid får bygge første del av sjukehus-prosjektet

SLIK BLIR DET: Denne montasjen viser korleis Nye Førde sjukehus blir sjåande ut med dei to nybygga på austsida. Bygningen til venstre er det nye psykiatribygget som blir første byggesteg. Til høgre for dette, og knytt saman med høgblokka, kjem tilbygget for m.a. operasjonsstover.

SLIK BLIR DET: Denne montasjen viser korleis Nye Førde sjukehus blir sjåande ut med dei to nybygga på austsida. Bygningen til venstre er det nye psykiatribygget som blir første byggesteg. Til høgre for dette, og knytt saman med høgblokka, kjem tilbygget for m.a. operasjonsstover. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Totalkostnaden er rekna til 300 millionar.

DEL

Etter gjennomført anbodskonkurranse er Førde-bedrifta Åsen & Øvrelid AS innstilt til kontrakt for første delprosjekt i den store sjukehusutbygginga, som er nybygget for psykisk helsevern.

Totalkostnaden for dette bygget er berekna til drygt 300 millionar kroner, ifølgje Helse Førde.

Kontrakten med Åsen & Øvrelid AS vil bli underteikna etter at Helse Vest RHF har godkjent totalprosjektet Nye Førde sjukehus. Dette skjer 11. desember. 

I tillegg til denne tildelinga sikrar avtalen Åsen & Øvrelid retten til å forhandle vidare med sikte på endeleg kontrakt på bygginga.

Artikkeltags