– Planen vår er å lage eit gnistrande show som får deg i feststemning og som verkeleg viser fram nokre av dei fantastiske musikarane vi har frå dette fylket, seier Stian Sjursen Takle, prosjektleiar for Luttprisen i ei pressemelding.

Utdeling av Luttprisen

Det er aller første gong ein slik musikkfest vert arrangert i Sogn og Fjordane. Arrangørane bak er BRAK, NRK, Larris scene, OnCue og Øyre Lyd.

Det heile startar med seminar for bransjen og ein talentkonkurranse. På kvelden står prisutdeling og konsert på programmet.

 

Vinnaren av talentkonkurransen, som vert halden tidlegare på dagen, får spele låten sin under Luttpris-showet.

Der vert også årets Lutt-pris delt ut. Kven som vinn vert bestemt både av ein fagjury og publikum. Dei som kan vinne i år er: Kjartan Lauritzen, Silo, Andrea Santiago, Oselie, Ketil Thorbjørnsen, Sigrid Moldestad, Steinar Karlsen, Månevenn, SJUR og Vilde & Anna. Fjorårets vinnar var Eva Weel Skram.

– Denne gjengen er jo like nasjonale som dei er lokale. Luttprisen blir ein flott måte å heidre dei som har engasjert oss i 2017, seier Sjursen Takle.

Coverband avsluttar

Programleiar for kvelden er Ronny Brede Aase frå P3. Blant prisutdelarane er Iselin Solheim, musikksjef i P1 Atle Bredal, Alexander Pavelich og MGPjr-vinnar Oselie.

Til slutt blir det konsert med coverbandet Fagernes Yacht Klubb frå Bergen, der ein av medlemmene er tidlegare Idol-deltakar og guling, Håkon Njøten.