Full mann banka på feil dør og fann ikkje vegen heim

Meldaren tykte mannen hadde for lite klede på seg. Til slutt måtte politiet køyre han heim att.

DEL

Kl. 02.29 fekk politiet melding om at ein rusa mann i Bakketunet i Førde som hadde banka på feil dør, og patruljen kom til staden.

Gjekk i shorts

Han gjekk berre i ein shorts, informerer politiet.

– Meldaren var ikkje redd, men synest ikkje nattetemperaturen samsvarte med kleda hans. Han var veldig full og hadde tatt feil av himmelretning og adresse, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Bjarte Rebnord.

Mannen, som var i midten av 20-åra, budde tre km unna og politiet peika han i rett retning.

– Men han gjekk motsett veg, så politiet køyrde han heim. Han mista litt oversikta, det kan skje den beste, seier Rebnord.

Høg musikk

Kl. 02.47 fekk politiet naboklage, fordi det vart spelt høg musikk på ein fest på Sandane i Gloppen.

– Naboleilegheita tykte det var litt for høgt volum for å vere ti på tre på natta. Patruljen kom til festen og personane skrudde ned musikken. Vi høyrde ikkje noko meir etter det, så dei skjønte nok teikninga, seier operasjonsleiaren.

Artikkeltags