Trafikkuhell på E39. Førar frakta til sjukehus

Laurdag morgon køyrde ein bil utfor vegen ved Skilbreivatnet på E39 i Gaular. Naudetatane rykte ut.

DEL

Føraren blei frakta til sjukehus i Førde, men det er ikkje meld om alvorleg personskadar. Det skal vere store materielle skadar på bilen.

Trafikken går som normalt forbi staden, opplyser Vest politidistrikt på Twitter kl. 07.23.

– Politiet fekk melding ca. kl. 06.00. Føraren er ein mann i 20-åra og var tilsynelatande utan skadar, seier Steinar Hausvik, operasjonsleiar ved Vest politidistrikt.

Airbag vart utløyst og eit dekk var punktert. Skadane på køyretøyet er framme på bilen. Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring, opplyser politiet.

Artikkeltags