Problemdag for flytrafikken

WIDERØE: To fly greidde ikkje å lande på Bringeland fredag, og to avgangar måtte kansellerast.

WIDERØE: To fly greidde ikkje å lande på Bringeland fredag, og to avgangar måtte kansellerast. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

BRINGELAND: Vêret klussa det til. Flya greidde korkje å lande eller å ta av frå Førde lufthamn deler av fredagen.

DEL

Regulariteten har lenge vore jamt god ved Førde lufthamn. Men tidleg fredag ettermiddag førte vêrtilhøva til innstillingar.

Korkje flyet som kom frå Oslo klokka 13.25 eller det som kom klokka 16.15 greidde å lande. Dermed vart også flya som skulle gått tilbake til Oslo klokka 13.45 og 16.35 innstilte.

– Det var snø og tåke og ingen vind. Forholda var for dårlege til at flya kom seg ned, seier Cathrine Scheflo ved Widerøe på Bringeland til Firda.

Forholda har no betra seg, ein reknar med at trafikken resten av kvelden vil gå som normalt.

– Bringeland har hatt lite kanselleringar, seier Scheflo til Firda.

På morgonen, før snøen og skodda sette inn, gjekk flytrafikken på Bringeland problemfritt. Flya som gjekk klokka 06.30 og 09.55 var begge heilt i rute. 09.15-avgangen til Oslo var 15 minutt forseinka, viser Widerøes nettside.

Artikkeltags