Éin million vart utdelt under gratiskonsert – no kan grendelaget doble skianlegget sitt i storleik

FEKK PENGEGÅVE: Årdal og Helgheim grendalag vart tildelt 175.000 kroner onsdag kveld.

FEKK PENGEGÅVE: Årdal og Helgheim grendalag vart tildelt 175.000 kroner onsdag kveld. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Det var ikkje berre Kjartan Lauritzen som var på scena under «Hjartebank for Sunnfjord». Ni fekk pengegåver utdelt framfor 650 tilskodarar.

DEL

175.000 kroner gjekk til Årdal og Helgheim grendalag. Det var den høgste summen som vart tildelt, like stor som tildelinga til Øyra Løken Nærmiljøanlegg.

– Vi hadde fått eit hint om at vi burde vere der, men vi vart svært overraska då vi fekk vite kor mykje vi fekk. Vi er svært takksame, seier Finn Årdal.

Han var ein av dei mange som hadde møtt opp frå Årdal og Helgheim grendalag under gratiskonsertane onsdag kveld, som vart haldne under Sparebanken Vest sitt «Hjartebank for Sunnfjord».

Aukande popularitet

Pengegåva kan Årdal forsikre om at kjem svært godt med. Heilt sidan skianlegget i Årdalen i Jølster fekk trakkemaskin for to-tre år sidan, har populariteten til anlegget auka mykje, og dei har sett behovet for å utvide.

Løypene har lenge vore gode, men det har mangla eit større areal utanom løypene og bakkane for skileik og moro for borna. Årdal fortel at dei med denne pengegåva skal få plass eit slikt anlegg. Då vil det komme ein liten bakke med svingar og kular, pluss ein hoppbakke og eit større flateområde for basis-skileik og der ungar kan utvikle skiferdigheitene sine.

Håpar å bli ferdig til årets vinter

Årdal har stått for planlegginga, og han fortel at han allereie har vore oppe og sett stikker i jorda etter at pengegåva vart kjent. Han håpar at dei no kan komme i gang så raskt som mogleg, og at også maskinene vil komme i sving raskt.

– Når det står ferdig, vil vi få dobbelt så stort areal som i dag, seier Årdal.

Han har eit håp om at dei vil kunne fått gjort unna dreneringsjobben og det meste av landskapsjobben raskt, slik at anlegget kan stå ferdig til vinteren. Om vinteren ikkje blir for hard, reknar han med at dei vil klare det.

– Om det blir ein snørik vinter, så skal vi sjølvsagt klare oss med det også, seier Årdal og ler.

Desse fekk tildelt pengar

Det var 75 søknader som konkurrerte om fordeling frå millionpotten. Her kan du sjå alle som fekk tildelingar:

1. Buldre Mannskor: 50.000 kr.             

2. Trøkk & Truck: 50.000 kr.  

3. Gaular Paintball klubb: 50.000 kr.

4. Reodorgarasjen Høyanger: 75.000 kr.         

5. Kyrkjebø køyre- og rideklubb: 125.000 kr.        

6. Stiftinga Førde Terapibasseng: 150.000 kr.     

7. Sande og Bygstad skulemusikk: 150.000 kr.               

8. Årdal og Helgheim grendalag: 175.000 kr.       

9. Øyra Løken Nærmiljøanlegg: 175.000 kr.

Artikkeltags