Fleire stader må sjåførane vente i dag

HER MÅ DU VENTE: Det er vegarbeid mange stader i fylket i dag, mellom anna ved Naustdalstunnelen.

HER MÅ DU VENTE: Det er vegarbeid mange stader i fylket i dag, mellom anna ved Naustdalstunnelen. Foto:

Vegarbeid både her og der gjer til at trafikken stoppar opp.

DEL

Statens vegvesen melder om ei rekkje vegstengingar tysdag.

På rv. 5 Kvalvik-Knapstad på strekninga Florø- Førde blir det frå og med tysdag klokka 06.30 og fram til torsdag klokka 19.00, stengt i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid.

På rv. 5 Naustdalstunnelen på strekninga Florø- Førde blir det tysdag manuell dirigering grunna vedlikehaldsarbeid. Sjåførane kan måtte vente i 20 minutt. Arbeidet går frå kl. 09.30 og fram til 14.30.

På fv. 3 Brandangersundbrua på strekninga Sløvåg- Ånneland blir det stengt i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid tysdag. Dette gjeld frå klokka 11.000 og fram til klokka 15.00.

Om du ferdast på fv. 55 tysdag, kan det vere greitt å få med seg at Vadheimstunnelen på strekninga Vadheim- Dragsvik kan bli stengt i periodar på inntil fire timar på grunn av vegarbeid. Arbeidet går fram til 6. juli og går føre seg måndag til fredagar og søndagar frå 18.00- 06.00 neste dag. Kolonnetidene frå Vadheim er: 18.30, 19.00, 19.35, 20.00, 20.45, 21.20, 21.50, 22.25, 00.35, 04.00, 05.10. Kolonnetider frå Hovden: 18.40, 19.00, 20.10, 20.55, 21.40, 22.30, 00.25. 04.10 og 05.15.

På fv. 60 Bruland på strekninga Byrkjelo-Stryn er det manuell dirigering og vegen kan bli stengt i periodar på inntil 20 minutt på grunn av vedlikehaldsarbeid. Arbeidet går frå 07.00 om morgonen og fram til 19.00 om kveldane. Vegarbeidet starta 23. mai og varer heilt fram til 29. november.

Om du ferdast i Gaular tysdag, kan det vere greitt å få med seg at fv. 610 Sande- Eldalsosen kan bli stengt i periodar på inntil 30 minutt på grunn av vegarbeid. Arbeidet starta opp klokka 08.00 og varer fram til 18.00 om kveldane måndagar til torsdagar.  Det var 3. juni arbeidet starta opp på vegstrekninga og siste dag er 20.juni, melder Statens vegvesen. Utrykkingskøyretøy kan passere.

På fv. 615 Eimhjellen-Hope starta det vedlikehaldsarbeid på strekninga tysdag 11. juni klokka 08.00. Arbeidet varer fram til 14. juni klokka 16.00. Det blir manuell dirigering og ventetid på 30 minutt i denne perioden.

Artikkeltags