Desse fem vil bli rådmann

VIL VERTE RÅDMANN: Førde-rådmann Ole John Østenstad er ein av dei som som kan tenkje seg å verte rådmann i den nye storkommunen.

VIL VERTE RÅDMANN: Førde-rådmann Ole John Østenstad er ein av dei som som kan tenkje seg å verte rådmann i den nye storkommunen. Foto:

FØRDE: Det blir hard kamp om rådmannsstillinga i den nye storkommunen.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Det har meldt seg i alt fem søkjarar til den nye rådmannsstillinga:

Ole John Østenstad, rådmann i Førde

Øyvind Bang-Olsen, rådmann i Naustdal

Atle Fasteland, rådmann i Gaular

Eva Slyngstad, Oslo

Ein søkar som er unnateke offentlegheit

Gode søkjarar

– Vi er fornøgde både med prosessen så langt og med søkarane som står på lista. I tillegg til dei personane som står på den endelege søkjarlista, så har vi og vore i kontakt med andre potensielle søkjarar. Vi meiner difor vi har eit godt grunnlag for å gå vidare i tilsettingsprosessen, seier Førde-ordførar Olve Grotle (H) til NRK Sogn og Fjordane.

Grotle er og leiar i fellesnemnda og medlem av innstillingsrådet, og er godt nøgd med søkjarlista. Det var innstillingsrådet også – i dette møtet var dei einige om at kandidatane var gode nok til å gå vidare med tilsettingsprosessen.

No er dei i gang med intervjurunden, fellesnemnda skal etter planen tilsette den nye rådmannen i eit møte 13. desember.

Spennande stilling

– Eg har jobba veldig lenge med desse spørsmåla om kommunereforma i Indre Sunnfjord, og vore veldig delaktig i det. Difor har eg veldig lyst til å vere med å sjå den nye kommunen vel i hamn. Det er ein fantastisk spennande prosess vi er inne i no, og jobben også, seier Ole John Østenstad, og legg til at han håper han har nok erfaring og rutinar til at det vil vere god bruk for kompetansen hans.

Også rådmennene i Naustdal og Gaular legg vekt på at det er ei grådig spennande stilling. Øyvind Bang-Olsen peikar på at han trivst med politikk og samfunnsutvikling.

– Difor synest eg at dette er ei interessant stilling. Eg har jobba med samfunnsutvikling og planlegging heile mi yrkeskarriere, og trivst godt i rådmannsrolla og i leiarstilling i offentleg sektor. Der er mange spennande oppgåver, kjekke folk og det ligg i grenseland mellom politikk og administrasjon. Det blir ei spennande tid fram mot tilsetting, seier rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen.

SPENT: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, synest det er kjempespennande med den nye stillinga som rådmann i den nye storkommunen.

SPENT: Rådmann i Naustdal, Øyvind Bang-Olsen, synest det er kjempespennande med den nye stillinga som rådmann i den nye storkommunen. Foto:

Atle Fasteland, rådmann i Gaular, kom dit for åtte månadar sidan.

– Eg trivst godt med jobben eg har i Gaular. Eg synest prosjektet om den nye storkommunen er utruleg spennande, interessant og utfordrande, og difor vil eg vere med vidare. Eg vil gjerne vere med å prege og lage den største kommunen mellom Bergen og Ålesund, seier Fasteland.

GIRA: Rådmann Atle Fasteland vil også vere med vidare i den nye storkommunen.

GIRA: Rådmann Atle Fasteland vil også vere med vidare i den nye storkommunen. Foto:

Artikkeltags