– Vi har stor utfordring med å følgje opp fosterheimane. Vi har mange fleire saker enn vi har hatt tidlegare og er difor veldig pressa når det gjeld personell.
Det skriv einingsleiar for barnevernet i Førde og Gaular, Ove Mjåtveit, i eit svarbrev til Fylkesmannen.
For lita bemanning
Bakgrunnen er at Fylkesmannen i slutten av mars peika på at barnevernet i Førde og Gaular ikkje held tilsyns- og behandlingsfristane som er sett.
Rapporteringa for 1. halvår 2016 viste at Førde kommune hadde fem brot på undersøkingsfristen, medan Gaular hadde eitt. Av rapporten for 2. halvår same år, og kontrollskjema for same periode, går det fram at Førde kommune har to brot på gjennomgang av meldingar og eitt brot på undersøkingsfristen på tre månadar.
– Talet på bekymringsmeldingar har lege på 160 meldingar dei siste åra utan at bemanninga har auka, seier Mjåtveit til Firda.
Per i dag er det 15,2 stillingar i barnevernet.
Fleire valdssaker
Det vart starta undersøking i 131 av 160 bekymringsmeldingar i 2016.
– Mange av bekymringsmeldingane omhandlar vald, og dei har måtta få førsteprioritert. Vi har gjort ei konkret vurdering av kva saker som måtte ferdigstillast og kva saker som måtte vente, trass i at det ville medføre fristbrot, fortel Mjåtveit.
Valdsmeldingane gjeld både at barn blir slått eller at det føregår vald mellom foreldre. Begge tilfelle er like skadelege for eit barn, seier Mjåtveit.
– Auken i valdsmeldingar er ei tydeleg utvikling. Vi er ser også at stadig fleire av meldingane gjeld familiar med framandspråkleg bakgrunn, skriv Mjåtveit til Fylkesmannen.
– Blir valdstilfella melde?
– Det er regelen, men viss vi er usikre på alvorsgraden, brukar vi litt tid på avklaring, seier Mjåtveit til Firda.
Dårleg kommunikasjon
I svarbrevet går det fram at dei tilsette var under eit kontinuerleg høgt press på grunn av omfanget av saker i fjor, og at dette framleis gjeld. Så langt i år har det resultert i fem brot på undersøkingsfristar.
I sju av sakene i fjor vart behandlingsfristen broten.
– I rapporteringane har vi gjort greie for at tre av desse sju vart handtert feil og at årsaka er tekniske feil, skriv Mjåtveit.
I dei andre sakene er årsaka dårleg kommunikasjon. Sakene var ferdig avklara, men kontaktpersonen formidla ikkje at fristen var nær. Dette vart heller ikkje oppdaga av leiarane. Dette førde då til fristbrot, men gjekk ikkje utover borna eller familiane.
– Vi har tatt dette opp internt og bestemt at alle har ansvar for å passe på fristane. Einingsleiar, fagperson og kontaktperson har alle ansvar for å sikre at dette kjem på plass, seier Mjåtveit.
Har varsla om forholda
I rapporteringa for 2. halvår 2016 går det også fram at 12 av 23 born i fosterheim i Førde kommune, og 10 av 11 born i Gaular kommune, ikkje har fått oppfylt krava til oppfølgingsbesøk.
To av 12 barn i fosterheim i Førde, og sju av 11 barn i fosterheim i Gaular, manglar også lovpålagde tilsynsbesøk.
Overordna leiing er varsla om problema.
– Vi er nøydde til å få kontroll på dette. Eg har eit håp om at vi klarar å bremse problemet, men for at det skal skje, treng vi meir personell. Eg har gitt beskjed om dette oppover i systemet, og vi er einige om at noko må gjerast, men vi har ikkje landa på kva enno, seier Mjåtveit.