Fleire og fleire treng hjelp i jula

Matkasse-sjølvi: Svein Løvø, Sureeporn Eriksen, Solbjørg Flåm, Eva Marie Halvorsen, Magnhild Helgøy og Vigdis Lobenz rettar stor takk til butikksjef Rakel Sunde ved Coop Mega.Foto: Vigdis Lobenz

Matkasse-sjølvi: Svein Løvø, Sureeporn Eriksen, Solbjørg Flåm, Eva Marie Halvorsen, Magnhild Helgøy og Vigdis Lobenz rettar stor takk til butikksjef Rakel Sunde ved Coop Mega.Foto: Vigdis Lobenz

Artikkelen er over 3 år gammel

33 matkassar blir delt ut av Førde Røde Kors denne jula. Røde Kors-leiaren trur det finst mange fleire som burde fått.

DEL

– Behovet veks frå år til år, seier leiar i Førde Røde Kors, Eva Marie Halvorsen.

I kassane som vart levert ut før jul fanst det julemat og julegodteri. Det som skal til for å feire ei skikkeleg jul. Det ligg også gåvekort til borna, sponsa av Gjensidigestiftinga og Gyngehesten. Nytt i år er at det også blir delt ut gåvekort til dei som sit på asylmottaket. Maten kjem frå Coop Mega, som set av 20.000 kroner til føremålet kvart år.

– Eg må rette ei stor takk til butikksjef Rakel Sunde og dei kjekke hjelparane hennar, seier Halvorsen.

Mange treng hjelp

Dei som skal få matkassane må melde seg på ein eller annan måte. Dei kan ringe eit nummer, eller venner og slekt kan tipse Røde Kors. Alt blir sjølvsagt handsama anonymt. Klarer dei å nå alle som treng det?

– Nei. Eg trur det er ein vanskeleg terskel for mange. Ofte er det einslege, og gjerne einslege med små born, som slit med å få endane til å møtast. Ein skulle kanskje ikkje tru at det var behov for å dele ut mat i vårt velferdssamfunn, men det viser det seg at det er.

Halvorsen meiner også at kjøpepress gjer problemet endå større for dei som allereie har trong økonomi.

– Dei som får kassane er veldig takksame og glade.

– Fleire kan bidra

Den siste tida har dei frivillige organisasjonane i Førde samarbeida meir, ifølge Halvorsen. Ho trur dette vil gjere det lettare å nå fleire.

Møteplassar som internasjonal kafé og internasjonalt kor er døme på slike samarbeid. Dei mange frivillige som har meldt seg i samband med flyktningkrisa, har også skapt eit større kontaktnett.

– Det gir fleire møtepunkt. Eg har faktisk fått førespurnader på denne måten. Der folk har gitt beskjed som at dei veit om folk som treng hjelp, så kan vi kontakte dei, seier Halvorsen.

Ho vil gjerne oppfordre endå fleire til å vere med på dugnad, også fleire bedrifter.

– Kanskje kan fleire butikkar i Førde stille opp på same måte som Coop Mega, føreslår ho.

Innsatsen for å hjelpe dei som har lite, blir ikkje mindre viktig av at det har komme mange flyktningar.

– Skal dei integrerast, må dei få ta del i tradisjonane våre.

Artikkeltags