Turen gjennom fylket starta ikkje heilt som planlagt

TØFF START: Den første natta på den over to veker lange turen vart ikkje heilt som planlagt for Synnøve Nyhammer og Linea Marie Ytredal Kalstad.. Dei kom vekk frå stien i tåka, og måtte hentast av helikopter.

TØFF START: Den første natta på den over to veker lange turen vart ikkje heilt som planlagt for Synnøve Nyhammer og Linea Marie Ytredal Kalstad.. Dei kom vekk frå stien i tåka, og måtte hentast av helikopter. Foto:

Fredag la dei ut på ein 17 dagars tur. Første natta vart dei henta av redningshelikopter.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Målet til dei to Førde-jentene Linea Marie Ytredal Kalstad (20) og Synnøve Nyhammer (19) er å krysse Sogn og Fjordane i løpet av dei kommande vekene.

No har dei gått i tre dagar, frå Stongfjorden i vest, der turen starta. Søndag ettermiddag passerte dei Langeland i Gaular kommune.

Fekk ein ide

– Vi sat ein kveld og såg på eit kart, og så plutseleg tenkte vi at v kanskje skulle prøve å krysse Sogn og Fjordane, for vi hadde lyst til å teste oss sjølve litt, seier venninnene. No er dei tre første etappane unnagjort.

Dei starta turen i Stongfjorden i Askvoll fredag ettermiddag. Ut på natta fekk dei problem i skodda og vart til slutt henta av Sea King-helikopteret.

Les også: Ungjenter gjekk seg vill i natt

– Vi starta med friskt mot nede i Stongfjorden om ettermiddagen, men utpå kvelden vart det både tjukk skodde og regn. Vi kom oss vekk frå stien eit par gonger, og gjekk tilbake for å finne eit nytt utgangspunkt. Men etter ni timar hadde vi ikkje anna løysing enn å be om hjelp, seier Linea Marie Ytredal Kalstad. Då hadde dei to jentene stoppa opp på eit stølsområde, og då redningshelikopteret etter ein stund fekk fatt i GPS-posisjonen deira, fekk dei skyss av helikopteret.

Ikkje heilt etter planen

 – Det var jo ikkje akkurat slikt oppstyr vi hadde tenkt oss den første dagen. Men vi visste rett og slett ikkje kor vi var, og i det vêret som var, så var det berre å ta det med ro. Og utpå natta letta heldigvis skodda slik at helikopteret kunne hente oss, og vi vart flogne til Nipebu. Det var jo også målet for den første dagen, sjølv om det ikkje var akkurat slik vi hadde tenkt det, seier Ytredal Kalstad.

På laurdag var heller ikkje vêret særleg eigna for å gå tur i høgfjellet, og dei to jentene tok difor berre ein kort tur den dagen.

– Vi hadde planar om å gå til området ved Lisjehesten i Gaular, men fann ut at det var fornuftig å finne ly i turlagshytta Massbu. Og i det vêret, så var nok det lurt. Vi har nemleg ikkje med oss telt på denne første delen av turen, seier Synnøve Nyhammer. 

– Vi skulle eigentleg gå bak Storehesten og halde fram mot Langeland, men valde i staden å gå ned til Bygstad og følge vegen derifrå. Ikkje minst fordi det var tjukk skodde og regnbyene var på veg inn frå vest. No skal vi gå til Farsund via Viestøylen og Digernesvatnet, og så skal vi overnatte i leilegheita til Linea Marie til måndags morgon. Det skal bli godt å få tørka kleda våre, seier Nyhammer.

Måndag morgon held dei to jentene fram med turen gjennom fylket. Først på sykkel til Haukedalen inst i Førde kommune, før dei skal gå inn til Jostedalsbreen og krysse denne ved Marabreen.

– Vi har gjort avtale med guide frå Fjærland Guiding, og ser fram til å få hjelp på den delen. Etter at vi har komme til Fjærland, er planen å gå opp Horpedalen og komme oss over til Anestølen i Sogndalsdalen. Deretter skal vi sykle inn til Gaupne, før vi på nytt skal gå inn i fjellet. Og så har vi tenkt å avslutte turen på Fondsbu, seier Linea Marie Ytredal Kalstad.

Asfalten tek på

Ho fortel at akkurat no sit venninna og teipar tærne etter at dei har gått nokre timar på asfalt.

GNAGSÅR: Ein etappe på asfalt tek på. Her er Synnøve Nyhammer i ferd med å teipe tærne før turen går vidare.

GNAGSÅR: Ein etappe på asfalt tek på. Her er Synnøve Nyhammer i ferd med å teipe tærne før turen går vidare. Foto:

– Vi merkar at det å gå på asfalt ikkje er noko godt for beina. Då er det betre å gå i terrenget. Det er noko av erfaringa vi har gjort så langt. Dessutan kunne vi sikkert med fordel ha vore flinkare til å lese kart. Men vi lærer heile tida, og ser jo på dette som ein læringstur, seier Ytredal Kalstad.

Ho er også småbarnsmor, og har ein 11 månadar gammal gut heime.

– Eg saknar han, men veit at han har det godt med pappaen sin. Det er kjekt og nyttig å få litt erfaring på den måten vi gjer no. Ikkje minst få testa oss sjølve ut, seier ho og får støtte av venninna.

– Vi har begge gått på agronomlinja på Mo og Jølster vidaregåande, og vart kjende med kvarandre på den tida. No bygger vi dette vennskapet vidare, seier Nyhammer, som opphavleg kjem frå Totland ved Ostereidet i Hordaland.

– Men no bur eg i Førde, og blir nok her ei stund iallfall, seier ho.

– Berre ved å komme seg ut, kan vi lære. Og vi har allereie lært mykje. Det var sjølvsagt litt tøft å bli henta av redningshelikopteret den første kvelden, men vi hadde eigentleg ikkje noko alternativ. Vi skulle sjølvsagt ha hatt telt med frå starten, men frå no av skal det vere med. Då kan vi i verste fall berre slå opp teltet om vêret og sikta vert for dårleg, seier Nyhammer.

Traskar vidare

No går turen vidare over mot Viestølen og Digernesvatnet.

No er vi på kjende trakter, så no er det ikkje store utfordringa. Og sykkelturen innover til Haukedalen blir sikkert flott. Så kjem det nokre dagar med bra oppstigning, før vi igjen får ein lang dag på sykkel. Den variasjonen trur eg skal bli god. For akkurat no kjenner eg det i beina etter nokre timar på asfalt, seier Synnøve Nyhammer.

Dei to jentene har planlagt å bruke 17 dagar på turen.

– Det er utgangspunktet, og noko særleg lengre tid kan vi ikkje bruke. Eg skal nemleg snart inn i militæret, seier Nyhammer og legg til:

– Skulle utfordringane bli for store, er det ikkje verre enn at vi berre kan gje oss. Men no har vi komme gjennom dei tre første dagane, så vi er optimistar. Og noko særleg verre vêr enn dette trur eg det ikkje er mogleg å få, seier Ytredal Kalstad.

Artikkeltags