Steffen (9) vann denne bilen

Her får ni år gamle Steffen S. Kleiven prøve bilen han vann laurdag. Denne kan han no bruke i eit år framover etter at han deltok på årets "Førde Opp".

Her får ni år gamle Steffen S. Kleiven prøve bilen han vann laurdag. Denne kan han no bruke i eit år framover etter at han deltok på årets "Førde Opp". Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: – No må eg be besta om å køyre meg.

DEL

Ni år gamle Steffen Solheimsnes Kleiven vart laurdag ettermiddag vinnar av «Motbakkebilen» 2017. Dette er premien til ein av deltakarane som er med på motbakkeløpa «Skåla Opp", "Førde Opp» eller «Balestrand Opp» dette året. Og av 3113 deltakarar vart lappen med namnet Steffen Solheimsnes Kleiven trekt opp av hatten i Balestrand laurdag.

– Desse bilførarane vert berre yngre og yngre, smiler Tom Farsund i «Førde Opp» etter premieutdelinga i Balestrand og siktar til at fjorårets vinnar vart 11 år gamle Amalie Haugsbø Ness frå Angedalen i Førde.

– No må besta køyre

Og den ni år gamle bilvinnaren, Steffen S. Kleiven, var kjapt framme med å klargjere at han i framtida måtte ha privatsjåfør.

– No må eg be besta om å køyre. Eller besten. For mamma køyrer ikkje bil, smiler vinnaren då Firda er med når han laurdag kveld for første gong får sjå den nye bilen han fritt kan nytte det kommande året.

– Den var jo litt kul då. Får berre håpe at besta klarer å køyre den, smiler niåringen og får bekreftande nikk frå bestemor Audveig Solheimsnes.

– Ja, dette skal nok gå bra. Og eg gler meg allereie til å køyre deg på skulen i denne bilen, smiler bestemora då familien vert vist den nye bilen av Tom Farsund.

Og mamma Linn Merethe Solheimsnes ser at med sonen si vinnarlykke, så kan det hende at ho startar opp igjen med lærekøyringa si.

– Nei, eg ser ikkje bort frå at eg no vil starte opp igjen med lærekøyringa. Eg fekk meg ein støkk då eg var med i ein bil som gjekk rundt fleire gonger i USA for ein del år sidan. Men no spørst det om eg ikkje skal prøve meg på nytt. For Steffen treng jo ein privatsjåfør, smiler Linn Merethe Solheimsnes etter at sonen har fått testa ut den nye bilen.

Totalt 3113 var med

Bilen vert trekt ut av deltakarane i dei tre motbakkeløpa, og totalt var det 3113 deltakarar i årets konkurransar.

– Eg var med på Førde Opp, og har vore mange gonger på Hafstadfjellet. Men det var veldig kjekt at det var akkurat namnet mitt som dukka opp, seier Steffen Solheimsnes Kleiven som til dagleg går i fjerde klasse på Flatene skule i Førde.

– Kanskje det er nokon som blir litt misunneleg på skulen når eg kjem med denne bilen, ler niåringen.

Familien kan nytte bilen fritt i eitt år framover, og står til familien sin disposisjon fram til neste års «Skåla Opp».

Under årets motbakkesesong hadde «Førde Opp» 1504 registrerte deltakarar, «Skåla Opp» hadde 1326 fullførande, medan det var 283 deltakarar på «Balestrand Opp» i helga.

Artikkeltags