Ap spør om brusaka må behandlast på nytt

Mangelfull og misvisande informasjon til bystyret kan ha påverka resultatet i brusaka. Det meiner Helge Robert Midtbø (Ap). Han ber rådmannen vurdere om det har vore så grove feil i sakshandsaminga at vedtaket ikkje er lovleg.