Driftsbygget tilfredsstiller ikkje krava – no skal det rivast

SKAL RIVAST: Driftsbygget (t.v.) skal rivast. Arbeidet er venta å starte i april/mai 2018.

SKAL RIVAST: Driftsbygget (t.v.) skal rivast. Arbeidet er venta å starte i april/mai 2018. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

GAULAR: Avinor har vedteke å investere i eit nytt driftsbygg på Førde lufthamn. Årsaka er at bygget og VA-anlegget ikkje held dagens HMS-krav.

DEL

– Flyplassen er ikkje bygd etter dei miljøkrava som kom i åra etter 1986. Det har vore vanskeleg å finne gode løysingar fordi logistikken har vore imot oss. No har Avinor bestemt å rive ned driftsbygget, leggje nytt VV-anlegg og byggje nytt i samsvar med dagens standard, fortel Kjell Otto Gjesdal, lufthamnsjef på Bringeland.

Det nye bygget vil ivareta HMS for tilsette og naudsynte krav til infrastruktur for den vidare drifta av lufthamna. Planlagt oppstart er april/mai 2018 og vil ta eitt år. Prislappen på investeringa vil truleg komme over 20 millionar kroner, fortel Gjesdal.

– Dette er ei betydeleg investering. Anbodet skal lysast ut i nær framtid og vi håpar på god konkurranse, seier han.

Terminalbygget vil ikkje bli påverka av utbygginga. Ifølge Gjesdal skal ikkje dei reisande bli påverka i stor grad.

– Flytrafikken skal gå som vanleg, men vi må finne ein mellombels parkeringsplass under bygginga, seier han.

BYGGJER NYTT: – Dette er ei betydeleg investering, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal.

BYGGJER NYTT: – Dette er ei betydeleg investering, seier lufthamnsjef Kjell Otto Gjesdal. Foto:

Artikkeltags