Plaga naboar med musikk og truga politiet med kniv

DEL

Ein person skapte arbeid for politiet fleire gonger i Førde natt til laurdag.

Klokka halv åtte vart vedkommande vist bort frå Førde på grunn av rus og ordensforstyrring, seier Gunnar Englund ved politikontoret i Førde.

– Rett før klokka 23.00 byrja vedkommande, som er ein kjenning av politiet, å lage bråk på heimstaden sin. Mellom anna vart naboane plaga med høg musikk. Då politiet kom på staden, truga vedkommande dei med ein kniv, seier Englund.

Urokråka sit no i arresten, og sak vert oppretta.

Kverulant i Florø

Også i Florø, om lag på same tid, var det ein person som lagde kvalme.

– Det var ein plagsam og kverulerande person som ikkje ville gå frå ei adresse. Då politiet kom til staden hadde vedkomande gått frå staden, seier Englund.

Ut over dette rapporterer både Englund og operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Stein Rune Halleraker, at det har vore ei uvanleg stille natt i heile distriktet.


Artikkeltags