Naustdaltunnelen opna igjen – har vore stengt to gonger på kort tid

Riksveg 5 mellom Førde og Florø er stengt ved Naustdalstunnelen. For andre gong i dag.

DEL

Først var tunnelen stengt for opprydding i om lag ein halvtime. Så blei den opna klokka 17.40. Klokka 17.50 kom ei ny melding. Tunnelen er stengt igjen. Det har komme eit nytt steinnedfall.

– Først fekk vi melding om at det hadde falle ned stein om lag ein kilometer inne i tunnelen frå Naustdalsida. Ein bil hadde fått skader i karosseriet, og ein annan hadde punktert, seier trafikkoperatør Ketil Molvær i Statens vegvesen.

Entreprenør blei sendt inn i tunnelen, og steinane vart fjerna. Deretter opna tunnelen igjen.

– Like etterpå fekk vi nok ei melding. Ein bilist fortalde at det var komme ned småstein frå taket. Dei var ikkje større enn klinkekuler, og hadde falle ned rett framfor bilen. Då valde vi i stenge igjen. Entreprenøren er like ved og skal inn igjen og sjekke. Om det må sjekkast grundigare eller om alt ser greitt ut veit eg derfor ikkje før om litt, seier Molvær klokka 18.00

– Vi har opna igjen, det var små steinar, på størrelse med klinkekuler. Entreprenøren sjekka området, og meiner det ikkje er fare for at meir kjem ned. Skulle det komme meir stein, så må vi få det nærare undersøkt, seier Molvær klokka 18.10.

Artikkeltags