Fire nye lottomillionærar frå fylket: – No vert det større julegåve til kjærasten

SUPERLOTTO: Fire personar frå Sogn og Fjordane kan kalle seg millionærar etter laurdagens Superlotto.

SUPERLOTTO: Fire personar frå Sogn og Fjordane kan kalle seg millionærar etter laurdagens Superlotto. Foto:

Norsk Tipping melder om fire heldige vinnarar frå Sogn og Fjordane. To av dei har enno ikkje motteke den gledelege beskjeden.

DEL

– No vert det oppgradering av julegåva til kjærasten. I tillegg skal eg investere pengar i fond, jubla ein førdemann i 30-åra då Norsk Tipping ringde han etter trekninga laurdag.

Vinnarane frå Sogn og Fjordane var ein mann i 30-åra frå Førde, ei kvinne i 70-åra frå Florø, ein mann i 30-åra frå Naustdal, og ei kvinne i 70-åra frå Luster.

– Ååå, jul med din glede

Laurdag kveld var det Supertrekning i Lotto der 41 ekstra deltakarar hadde moglegheita til å vinne éin million kroner.

Også kvinna frå Florø jubla av glede då ho får den gledelege beskjeden. Ho sat klar med telefonen.

– Ååå, jul med din glede! Strålte ho då Norsk Tipping ringde.

– Eg kjenner det kriblar i heile kroppen. Dette er jo heilt fantastisk, la ho til.

325 Lotto-millionærar i år

Norsk Tipping skriv i pressemeldinga at dei ikkje fekk tak i mannen frå Naustdal og kvinna frå Luster då dei ringde laurdag kveld. Dei vil prøve å få tak i dei to vinnarane etter søndag ettermiddag.

Til no i år har 325 personar blitt Lotto-millionærar. Det er ny rekord på eitt år, melder Norsk Tipping.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken