Skaut opp naudrakett frå fest

Det fekk politi og hovudredningssentralen til å vakne.

DEL

Like etter 23.00 laurdag kveld kom det melding til politiet om at det hadde blitt skote opp ein naudrakett.

Raketten blei lokalisert til Raudeberg sentrum.

– Vi var i kontakt med Hovudredningssentralen. Det viste seg etter ei stund at raketten truleg kom frå eit festlokale og at det såleis ikkje var folk i naud som hadde sendt den opp, seier operasjonsleiar Vibeke Næss i Vest politidistrikt.

Høg musikk og skriking

I Stryn kom det melding om at fleire personar rundt halv tre natt til søndag, var nære ved å slå laus på kvarandre. Patruljen kom til staden og fekk roa stemninga, seier Næss.

I Førde heldt ein gjeng med feststemte menneske naboane sine vakne. Det var lite populært.

– Det var høg musikk og mykje skriking. Patruljen reiste ut og gav folka pålegg om å dempe seg.

I Førde sentrum ved busstasjonen kom patruljen over ei rusa kvinne som ikkje var i stand til å ta vare på seg sjølv.

– Ho fekk hjelp av nokre venninner, seier Næss.

Amper stemning fleire stader

Politiet melder elles om amper stemning fleire stader i Florø og Førde natt til søndag. Fleire stader var det nære på at slagsmål braut ut, men politiet greidde å førebygge fleire av desse.

Politiet hadde promillekontroll på E39 ved Hafstadflata i Førde ved midnatt. Her var alt på stell, melder politiet.

Politiet måtte også ta hand om to menn som hamna i krangel i Sogndal..

Artikkeltags