No kan du søke i alle Firda-utgåver tilbake til 1917

GÅVE TIL LESARANE: Firda har digitalisert heile arkivet sitt tilbake til 1917. Konstituert redaktør i Firda, Marie Havnen og konstituert dagleg leiar, Svein Atle Huus oppfordrar Firda-lesarane til å teste det ut.

GÅVE TIL LESARANE: Firda har digitalisert heile arkivet sitt tilbake til 1917. Konstituert redaktør i Firda, Marie Havnen og konstituert dagleg leiar, Svein Atle Huus oppfordrar Firda-lesarane til å teste det ut. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: 100 år med avishistorie er digitalisert. No kan alle som abonnenerer på Firda søke fritt i heile arkivet tilbake til 1917.

DEL

– Det er veldig kjekt å kunne seie at lesarane våre no kan søke i hundre år med avishistorie. Før har ein anten måtte komme til Firda for å bla i arkivet, eller gå til eit bibliotek for å leite, men no kan kven som helst sitte heime og finne gull i arkivet når dei vil, seier Marie Havnen, konstituert redaktør i Firda.

I høve Firda sitt 100-årsjubileum i 2017, vart det bestemt at heile Firda sitt papirarkiv skulle digitaliserast. No er dagen komen der arkivet er klart til bruk.

Sendt til Sveits

Det fysiske arkivet vart sendt til Sveits for skanning. Etter god hjelp frå lesarar, Førde bibliotek og Nasjonalbiblioteket som bidrog til å gjere arkivet komplett, vart om lag tre pallar med aviser sendt til alpelandet – med unntak av aviser frå 2003 som allereie ligg digitalisert. Dette utgjorde om lag 190.000 avissider.

Konstituert dagleg leiar i Firda, Svein Atle Huus, fortel at det er gledeleg å no ha bevart Firda-arkivet for framtida.

– Dette er med på å dokumentere historia til Førde og Sunnfjord, og kommunane som Firda har dekka sidan starten. Dette vil nok vere nyttig for historikarar og folk som er interessert i slekt, historie og samfunnsutvikling, seier Huus, som også peikar på at eit heildigitalisert arkiv vil vere eit nyttig verktøy for journalistane i Firda.

Oppfordrar til å bruke det

Rundt 700.000 kroner var prislappen, og den klare oppfordringa frå Havnen og Huus er at lesarane no må søkje og bruke arkivet. Dei meiner at det er ein fantastisk moglegheit for å fordjupe seg i lokalhistoria, samstundes som dei håpar det vil vere eit ekstra påskot til å vere abonnent.

Sjå korleis du søker i arkivet i faktaboksen nedst i saka.

– Avisa speglar samfunnet, og korleis det har vore på mange måtar. Ein treng ikkje gå lenger tilbake enn 20 år før ein ser at det har skjedd mykje den tida. Eg trur det vil bli nyttig for dei unge som kan gå tilbake og sjå korleis ting var før, men også for dei som har levd ei stund og som vil mimre, seier Huus.

FULLT DIGITALISERT: Du kan sjølvsagt også søke i arkivet med mobil og nettbrett, ikkje berre på PC.

FULLT DIGITALISERT: Du kan sjølvsagt også søke i arkivet med mobil og nettbrett, ikkje berre på PC. Foto:

Havnen har sjølv søkt rundt ein del i arkivet, og ho kan fortelje at ein fort kan bli sitjande i timevis.

– Kva var folk opptekne av i 1940 eller 1977? Kva skreiv Firda? Det er interessant å sjå tilbake på, seier Havnen, før ho avsluttar:

– Besteforeldra dine hadde ikkje Facebook. No kan du søke dei opp og finne ut kva dei var opptekne av. Eg søkte til dømes på namna til besteforeldra mine for å sjå kva som var skrive om dei, seier Havnen og ler.

Slik søkjer du i arkivet

Opne www.firda.no i ein nettlesar
 

Trykk på Meny

Trykk på Papiravisa (eAvis)

Når du kjem til «Våre nyaste utgåver» dobbeltklikkar du på ei vilkårleg utgåve av Firda.

No opnar eAvisa seg.

Trykk på forstørrelseglaset i menyen til høgre

Skriv inn søkeordet ditt. NB! Bruk hermeteikn, som dette: "Sunnfjord hotell", for å gjere søket meir spesifikt

No kan du velje å søke i heile arkivet. Då trykker du «Søk arkiv»

Du kan også velje spesifikke datoar. Endre datoane du vil søke i, og trykk deretter «Søk arkiv»

Resultata kjem opp i menyen til venstre , sortert etter årstal

Trykk på t.d. 1992 for å sjå sakene frå dette året.

Søket er sortert per månad. Her kan du klikke rundt og velje månaden du vil.

Når du har funne ei avis-side du vil sjå nærare på: Trykk Gå til side.

Sida opnar seg i ei ny fane i nettlesaren din.

Du kan dobbeltklikke på sida, eller bruke forstørrelseglaset nedst på skjermen, for å lese nærare.

Gå tilbake til første fane for å finne att lista med søkeresultat.

1984: Ingunn Osland testa og søkte på namnet sitt i Firda-arkivet. Då dukka blant anna dette bildet frå ein vasski-konkurranse i Stongfjorden opp.

1984: Ingunn Osland testa og søkte på namnet sitt i Firda-arkivet. Då dukka blant anna dette bildet frå ein vasski-konkurranse i Stongfjorden opp. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken