Isabel, Ingrid og Mathias er fylkets beste kokkelærlingar

BEST I SOGN OG FJORDANE: Frå venstre Isabell Stang (Sunnfjord hotell) (2. plass), Ingrid Eiken (Gloppen hotell) (3. plass), og Mathias Hopland Eikås (Gloppen hotell) (1. plass).

BEST I SOGN OG FJORDANE: Frå venstre Isabell Stang (Sunnfjord hotell) (2. plass), Ingrid Eiken (Gloppen hotell) (3. plass), og Mathias Hopland Eikås (Gloppen hotell) (1. plass). Foto:

FAGUTDANNING: 12 kokkelærlingar deltok då fylkeskonkurransen for kokkelærlingar gjekk av stabelen på Mo og Øyrane vidaregåande skule.

DEL

For andre året på rad gjekk ein kokkelærling frå Gloppen hotell til topps i fylkeskonkurransen for kokkelærlingar i Sogn og Fjordane.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Kokkanes meisterlaug i Sogn og Fjordane og Opplæringskontoret for hotell- og matfag i Sogn og Fjordane.

Under årets konkurranse deltok lærlingar frå Lavik kro AS i Lavik torg, Kraftstasjonen i Måløy, Gloppen hotell på Sandane, Bjørgs mat i Måløy, Quality hotell i Florø, Sunnfjord hotell i Førde, og frå Quality hotell i Sogndal.

Årets vinnar vart Mathias Hopland Eikås som er lærling ved Gloppen hotell, som saman med Isabel Stang som er lærling ved Sunnfjord hotell i Førde, skal representere Sogn og Fjordane under den nasjonale Norgescupen for kokk- og servitørlærlingar i Stavanger.

Heilt i toppen

Eikås hevda seg heilt i toppen også under fjorårets konkurranse, då som 1. års lærling.

På 3.-plass kom Ingrid Eiken, også ho er lærling ved Gloppen hotell. Eiken vert med det reserve til den nasjonale Norgescupen.

– Oppgåva i år var å lage ein torettars meny til fire personar. Forretten var Kylling Ballotine med valfri garnityr, ein garnityr av «mystery basket», og ein valfri saus. Hovudretten var torsk som kandidatane stod fritt til å velje korleis dei ville lage til. I tillegg skulle dei òg lage valfri garnityr, ein garnityr av «mystery basket», og dei skulle lage Sauce Mousseline og ein valfri metningsgranityr, fortel Bodil Erdalsdal som er faglærar og Oldermann i Norske kokkars landsforeining Sogn og Fjordane.

Smaken er viktigast

Erdalsdal slår fast at smaken er viktigast, men at òg kreativitet, presisjon, presentasjon, reinsemd, rett mengde, samt rett val og bruk av råvarer tel med.

– Dei unge tenkjer litt annleis enn oss litt eldre. Det gjer at vi fekk oppleve mange nye, spennande og gode smakar. Det er veldig kjekt at dei unge tek kokkekunsten vidare, seier Erdaldal og smiler.

LÆRLINGAR OG DOMMARAR: Kokkanes meisterlaugs lærlingkonkurranse i Sogn og Fjordane 2018. Framme frå venstre Miguel Alvarez, Maria Grøndal Aase, Isabel Stang (2. plass), Ingrid Eiken (3. plass), Mathias Hopland Eikås (1. plass), Ivan Knapstad, Gudbjørg Alden, Flinky Joy Pagaduan og Kent Ole Strømsøy (dommar). Bak frå venstre Bjørn Hundershagen (hovuddommar), Peerapat Charoensang, Olav Mjell Hoffsvik, Thomas Holme Smådal (dommar), Sander Almenning, Thor-Magnus Higraff, Bodil Erdalsdal (faglærar og oldermann i kokkelauget), og Gro Hoff Mortensbakke (meddommar).

LÆRLINGAR OG DOMMARAR: Kokkanes meisterlaugs lærlingkonkurranse i Sogn og Fjordane 2018. Framme frå venstre Miguel Alvarez, Maria Grøndal Aase, Isabel Stang (2. plass), Ingrid Eiken (3. plass), Mathias Hopland Eikås (1. plass), Ivan Knapstad, Gudbjørg Alden, Flinky Joy Pagaduan og Kent Ole Strømsøy (dommar). Bak frå venstre Bjørn Hundershagen (hovuddommar), Peerapat Charoensang, Olav Mjell Hoffsvik, Thomas Holme Smådal (dommar), Sander Almenning, Thor-Magnus Higraff, Bodil Erdalsdal (faglærar og oldermann i kokkelauget), og Gro Hoff Mortensbakke (meddommar). Foto:

Artikkeltags