- Kjedeleg for sporten, men glad dei rydda opp

Tamas Ajan, Stian Grimseth, EM2016

Tamas Ajan, Stian Grimseth, EM2016 Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Vart teken på veg til EM i Førde med testosteron i bagasjen.

DEL

Ein austeuropeisk person vart stoppa i tollen på Bergen lufthavn Flesland på veg til EM i vektløfting i Førde. Dagen etterpå gjennomførte politiet ein razzia på vedkommande sitt hotellrom i Førde. Dette stadfestar lensmann i Førde og Naustdal, Dag Fiske, overfor Firda.

15 ampullar

- Den austeropeiske mannen vart stoppa i ein rutinekontroll av tollmannskap på Flesland, og vart teken med ampullar som inneheldt testosteron. Han vedtok eit førelegg på 5000 kroner for innførsel av desse 15 ampullane, seier Fiske og kan fortelle at politiet også gjennomførte ransaking av hotellrommet der han budde i Førde.

- Vi fann også nokre ampullar på rommet hans som vart sende inn til analyse. Men ut frå dei førebelse analysane, så kan det tyde på at dei innheldt lovlege stoff, seier Fiske og viser til at gjennom eit tett og godt samarbeid med EM-arrangøren og Antidoping Norge, så skulle dei aktive utøvarane frå dette aktuelle landet også testast under sjølve meisterskapen.

- Men vi har så langt ikkje fått høyre noko meir frå desse kontrollane, seier Fiske.

Han understrekar at han ikkje kjenner konkret til kva funksjon vedkommande hadde på det aktuelle landslaget, men har fått stadesta at vedkommande hadde ein leiande funksjon.

Rydde opp

EM-general Stian Grimseth er glad for at tollvesenet gjorde dette funnet.

- Det er positivt at det vert rydda opp overfor slike leiarar eller trenarar. Vi skulle sjølvsagt ønske at det ikkje fanst folk som prøvde seg med å dope seg, men det er naivt å tru det. Dette er sjølvsagt negativ PR for vektløftings-sporten, men er det ikkje noko vi som EM-arrangør kunne gjort noko med, seier Grimseth og viser til at dei jobba tett saman med Antidoping Norge under meisterskapen.

- Sjølv om det er mykje hemmleghald rundt desse kontrollane, så veit vi at det vart gjennomført mange kontrollar. Tradisjonelt vert medaljevinnarane kontrollerte, og i tillegg vert det som oftast plukka ut vilkårleg blant løftarane. Og gjerne i B- og C-puljene også, seier Grimseth.

Kjedeleg

Han vil ikkje ha formeining om han trur det vil komme nye doping-avsløringar knytt opp til meisterskapen, men vedgår at han er budd på det.

- Med 344 løftarar frå 40 forskjellige land under årets EM, så er det vanskeleg å vite for mykje om dette. Det viktigaste er at dei som prøvar å jukse seg fram, vert tekne. Men sjølvsagt er slike avsløringar uansett kjedeleg for vektløftaridretten, seier Grimseth.

Det var NRK Sogn og Fjordane som først omtala saka.

Artikkeltags