Tre i utforkøyring i Førde i natt

Ein bil med tre ungdommar køyrde utfor vegen på E39 ved Førde pensjonat i natt.

DEL

Politiet fekk melding om uhellet klokka 01 natt til tysdag.

– Det var tre ungdommar i bilen, opplyser operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt til Firda

Ingen personskade

Ein patrulje rykte ut og konstaterte at verken førar eller passasjerar var skadde. Airbag i bilen hadde løyst seg ut.

Kan skuldast punktering

Uhellet skjedde på veg ned Halbrendslia. Utforkøyringa kan skuldast punktering, opplyser Algrøy.

Ingen andre bilar var involverte i hendinga. Det vert ikkje oppretta sak.

Artikkeltags