Mann gjekk i vegbana på Langeland: Slo etter bilar

Klokka 18.50 måndag ettermiddag melde politiet om ein mann med påfallande oppførsel på E39 på Langeland.

DEL

Mannen gjekk då i vegbana på E39 ved Langeland og slo etter bilar, melde Vest politidistrikt.

– Han var på bussen, men bussjåføren melde til oss at mannen blei sett av ved skisenteret på Langeland på grunn av ordensforstyrring, seier operasjonsleiar Helge Blindheim.

Etter at mannen blei sett av, skal han ha slått etter bussen. Bussjåføren melde frå til politiet om dette.

Politiet sende ein patrulje mot staden. Før dei var komne fram kom det fleire meldingar om mannen.

– Fleire vitne har meldt om ein mann som hyttar og slår mot forbipasserande bilar, seier Blindheim.

Då Firda snakka med han like før klokka 19.00 var politiet ikkje komne fram til staden.

– Men sjåførar bør vere obs på at det går ein mann i vegen, åtvara Blindheim.

Klokka 19.08 melde politiet at dei hadde kontroll på mannen.

– Då politiet kom til staden fann dei han ved busstoppet der bussjåføren hadde sett han av. Han var utagerande og fekk påsett handjern, seier Blindheim til Firda rundt klokka 20.00.

Mannen, som er busett i Sunnfjord, blei tatt med til lensmannskontoret. Han vil no bli meldt for ordensforstyrringar.

– Han blir meldt for å vere eit hinder i trafikken. Han var også utagerande og motvillig til å samarbeide med politiet. Han var ikkje eigna til å gå ute i samfunnet, seier Blindheim.

Ifølge Blindheim var vedkommande tydleg rusa, og lege var måndag kveld på veg til lensmannskontoret for å gjennomføre ein sjekk av mannen.

– Når han blir edru skal politiet avgjere om det blir gjort avhøyr, seier Blindheim.

Artikkeltags