Lastebil køyrde i autovernet på E39. Ver obs på glatt føre

FØRDE: Ein lastebil køyrde i autovernet på E39. Bilen fekk skadar og kunne ikkje køyre vidare.

DEL

Utforkøyringa skjedde ved utgangen av den største svingen på E39 på Bruland i Førde, rett aust for sentrum, kring klokka 04 natt til fredag. Lastebilen hadde mellom anna fått skade på dekka og vart henta av bilbergar.

Sjåføren var uskadd.

– Ein patrulje var på staden og karakteriserer det som eit hendeleg uhell. Dette er inga politisak, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt til Firda.

Han seier at det kan ha vore glatt på staden.

Også andre bilistar som har køyrt E39 Jølster–Førde fredag morgon, melder at det er glatt på strekninga.

Lastebilen påførte skadar både på autovernet og på bilen.

Denne bilen vart stoppa i Stryn i dag. Føraren blei politimeld 

Artikkeltags