Plutseleg oppdaga dei denne i hagen: – Ein veldig komisk bursdag

NYTT KJÆLEDYR? Teodor (8 i dag) trudde han hadde fått høna i bursdagsgåve, då den stod midt i stova då han kom heim frå skulen. Men no håpar familien at den rette eigaren skal melde seg.

NYTT KJÆLEDYR? Teodor (8 i dag) trudde han hadde fått høna i bursdagsgåve, då den stod midt i stova då han kom heim frå skulen. Men no håpar familien at den rette eigaren skal melde seg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Antonio Flaten og familien har plutseleg fått seg ei høne. – Vi kan ta den vi, men vi reknar med at nokon saknar den.

DEL

Dei seier Antonio Flaten, som gjerne vil at høna, som allereie har fått kallenamnet Black Sparrow, skal få komme tilbake til sin rette eigar.

– I totida kom naboen bort og lurte på om eg kunne hjelpe til med å fange ei høne som gjekk rundt i hagen hans. Det gjorde eg sjølvsagt, seier Flaten leande.

Med seg i jakta fekk han dottera Matilde (9), og dei fekk tak i høna.

– Det var berre å springe etter den, det. Når vi først fekk tak i den, var den ganske roleg. Den er tydeleg vand med folk.

Sonen jubla, men blei skuffa

Då sonen Teodor, som fyller åtte år akkurat i dag, kom heim frå skulen, var han superfornøgd då han såg høna som stod i bur inne i stova.

– Han var så glad! Han trudde jo han hadde fått seg høne til bursdagspresang! Fjeset blei eit anna då han fekk vite at det ikkje var tilfelle ...

Familien er glad i dyr, og har allereie både kattar og marsvin.

– Vi tar den gjerne vi, men vi reknar med at nokon saknar høna si. Viss ikkje er det ganske unormalt, meiner Flaten.

Han har etterlyst eigaren på Facebook, utan hell. No håpar han kanskje Firda-lesarane kan hjelpe.

Dessutan, hønestell var ikkje akkurat noko dei var førebudde på.

– Men vi får no berre lese oss opp og lage eit bur ute ...

La egg i stova

Så langt får høna bu inne i stova.

– Og no har den lagt egg, og! Eg har ikkje så lyst på egg akkurat i kveld, men kanskje i morgon tidleg, seier Flaten og ler, før han konstaterer:

– Det har vore ein ganske komisk bursdag, dette!

– Men Teodor, fekk han noko anna han blei glad for?

– Ja, han fekk ein Play Station 4, og den får han til og med behalde.

SISTE: Klokka 22.30, etter at denne artikkelen blei publisert, melde eigaren seg og kom og henta høna.

Artikkeltags