– Har sett djupe spor etter seg både nasjonalt og lokalt

– Det blir eit tomrom etter ein politisk høvding som Opseth, seier Solveig Willis, fungerande leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarpart.

– Det blir eit tomrom etter ein politisk høvding som Opseth, seier Solveig Willis, fungerande leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarpart. Foto:

FØRDE: Kjell Opseth døydde i dag, søndag 3. desember.

DEL

2. januar neste år ville den tidlegare stortingsrepresentanten, samferdselsministeren og kommunal- og regionalministeren blitt 82 år.

– Kjell Opseth har sett djupe spor etter seg både nasjonalt og lokalt, seier Aud Viken, tidlegare ordførar i Førde og leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti.

Ho trekker fram hans tunge verv som statsråd i to departement og at han fekk gjennomført store samferdselsprosjekt.

– Kjell var ein utruleg energisk politikar som hadde klare mål og meiningar og ei overordna samfunnspolitisk tenking. Han var veldig resultatorientert, og når han jobba for ei sak, så fekk han henne som regel igjennom, seier Viken.

Som døme nemner ho Lærdalstunnelen og ikkje minst flyplassen på Gardermoen som han fekk sluttbehandla og fleirtal for etter tiår med utgreiingar og rundgang i det politiske systemet.

– Varmt hjarte for Førde

– Kjell var veldig interessert i lokalsamfunnet Førde, samtidig som han hadde eit veldig perspektiv på det nasjonale. Han var opptatt av at heile landet skulle ha god samferdselsdekning, slik at lokalsamfunn skulle overleve og næringsliv vere levedyktig, seier Viken.

Ho kallar Opseth ein bestemt, klar og markant politikar.

– Eg følte at når han gjekk på talarstolen, då høyrde folk etter. Han kunne verke tøff, men samtidig hadde han alltid eit varmt hjarte for Førde, familien og venner. Alle desse åra då han pendla mellom Oslo og Førde, hadde Kjell og Hjørdis tid til å invitere folk venner og kjende heim til seg.

– Han sa ofte at når han skulle tilbake til Førde, og ikkje lenger hadde nettverket sitt i Oslo, så var det viktig at han hadde teke vare på venner og nettverk i Førde, fortel Aud Viken.

– Politikar av stort format

Tidlegare ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, meiner Opseth var ein politikar av stort format.

– Han fekk betydeleg posisjonar som minister både i samferdsel- og kommunaldepartementet. Av arbeidarpartipolitikarar frå Sogn og Fjordane er han den som har fått utretta mest, seier Longva som hyllar den store jobben han gjorde i lag med Kjell Borgen for å få på plass flyplassen på Gardermoen.

– Opseth kunne vere rimeleg urokkeleg. Han stod på standpunkta sine, og når eit vedtak vart gjort, så fekk han det gjennomført. Ikkje alle politikarar har den eigenskapen i dag. No følger ein helst med på Facebook og ser på kva folk likar, utdjupar Longva.

Han meiner Opseth også var ein viktig mann for Sogn og Fjordane og for Høyanger.

– Han var ein god talsmann for fylket, og som ordførar brukte eg han mykje. For ein kommunalminister blir resultata mindre synlege, men han hadde stor innverknad i det departementet også, seier Longva.

– Interessert heilt til det siste

Fungerande leiar i Sogn og Fjordane Arbeidarparti, Solveig Willis, meiner Kjell Opseth var ein stor samferdselspolitikar, og ein viktig politikar for Sogn og Fjordane på mange måtar.

– Han er eitt av dei store politiske namna frå vårt fylke, og han var aktiv og interessert heilt til det siste. Sjølv om han ikkje var heilt frisk, deltok han på valkampopninga utanfor rådhuset i haust. Han prata både med Yngve Hågensen, Trond Giske og lokale partifolk. Det var veldig hyggeleg, fortel Willis.

– Han var også med på det siste fylkesårsmøtet. Han brydde seg om det som skjedde lokalt, og var også veldig engasjert i Førde Ap.

– Det blir eit tomrom etter ein politisk høvding som Opseth. Han blir hugsa som ein sentral mann i partiet. Det er eit namn som stadig blir nemnt når vi er inne i Oslo, seier Solveig Willis.

Då Kjell Opseth fylte 70 år i 2006, sa dåverande Ap-fylkesleiar Tor Bremer at denne jubilanten ikkje trong nokon bauta, fordi han sjølv var ein bauta, skriv politisk journalist Helge Johnsen i nekrologen Mannen som flytta fjell.

Artikkeltags