Den nye Coop-giganten vil strekke seg frå Sogn til Trøndelag, og namnet blir Coop Nordvest, skriv styreleiar Wilhelm Gjertsen og adm.dir. Geir Espe i Coop Vest i ei pressemelding tysdag kveld.

Coop Nordvest vil ha 144.000 medlemmar. Dei vil vere fordelte på fem regionar og ha til saman 140 butikkar med 2300 tilsette.

Årsmøtet i Coop Vest vart halde på Skei i Jølster. Avstemminga viste 25 for samanslåing, medan tre stemde nei. I Coop Orkla Møre sitt tilsvarande møte var avgjerda samrøystes.

Rett tidspunkt

– Det er i framtida moglegheitene ligg. No var det rette tidspunktet å gjere vedtaket på. Vi må vurdere situasjonen for Coop Vest i dag, opp mot det den kunne bli om nokre år, om vi skulle halde fram som eige lag, seier styreleiar Wilhelm Gjertsen.

Han peikar på at samyrkelaga i Norge stadig posisjonerer seg for ei tøffare framtid, og heldt fram:

– Vi har ein kvardag med stadig hardare konkurranse og nye utfordringar. Det er viktig å sikre omsetning og marknadsdelar i denne kvardagen. Ut frå dette, og det som er nedfelt i fusjonsplanen og det såkalla mogelegheitsstudiet, er det vi har oppnådd veldig bra. Det er ein sterk og god start for Coop Vest sine interesser i det nye Coop Nordvest, seier Gjertsen. Han er nøgd med eit så klart resultat etter den skriftlege røystinga på årsmøtet. Han vart også valt som nestleiar i styret for Coop Nordvest.

Adressa blir Orkanger, men lovar at Førde og Ålesund får viktige oppgåver

Det vart poengtert at både Ålesund og Førde skal ha viktige oppgåver i det nye selskapet, sjølv om forretningsadressa vert Orkanger.

Førde får drifts- og personalansvar, ansvar for strategi og utvikling, sponsoransvar, marknadsavdeling, kommunikasjon, og ikkje minst den vidare satsinga på lokalmat.

Det vart også peika på at dei to selskapa som fusjonerer er ganske like i oppbygging, og at dei har mange små butikkar.

– Coop Nordvest får i alt 52 Marked-butikkar og blir desidert størst i Coop i den kjeda. Dette gjev større slagkraft for dei minste butikkane våre, og det vil styrke distrikta, seier Gjertsen. Ingen skal miste jobben som følge av fusjonen.

– Visjonen er at vi saman skal skape Noregs mest framtidsretta samyrkelag, som skal bli ein dominerande aktør i sitt område, understrekar Wilhelm Gjertsen.

Redd for å bli slaktoffer

Men styret sitt framlegg om fusjon, møtte også motbør på årsmøtet.

– Eg har tvilt meg frå eit ja til eit nei, sa Helge Råd frå Gloppen.

– Årsaka til det er at Coop Vest er veldig flinke. Ein har vore nyskapande og framoverlente, spesielt på lokalmat. I Coop Norge-systemet bør dei vere eit fyrtårn heller enn eit slaktoffer, sa Råd.

Han peika likevel på at dei endringane som har kome inn i det siste, m.a. at dei tre kontora i Orkanger, Ålesund og Førde, er garantert eksistens i minst ti år, har gjort overgangsordninga betre.

 – Dette er ei sak vi har jobba mykje med. Sjølv om eg og trur at Vest kan leve åleine, er vi klare på at fordelane med fusjon er større. Førde-kontoret får store og viktige funksjonar i det nye selskapet, viste styremedlem Geir Årvik frå Stadlandet til. Han la spesielt vekt på at dei små butikkane ville stå sterkare.

I tillegg til Gjertsen, vart Geir Årvik, Stadlandet, Britt Tjønneland, Førde og Kari Riise, Hareid valde inn i det nye styret i Coop Nordvest.