Her blir vegen heilt stengt frå midnatt

MÅ RYDDAST: Ein trailerhengar og ein kranbil kolliderte tysdag kveld. Siste del av oppryddinga etter ulykka vil skje frå midnatt onsdag, og vegen blir då stengt i tre timar.

MÅ RYDDAST: Ein trailerhengar og ein kranbil kolliderte tysdag kveld. Siste del av oppryddinga etter ulykka vil skje frå midnatt onsdag, og vegen blir då stengt i tre timar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

JØLSTER/GLOPPEN: E39 mellom Skei og Byrkjelo blir stengt grunna opprydding etter ei trafikkulykke.

DEL

Tysdag trefte ein trailerhengar ein kranbil på E39 ved Håheim i Jølster.

Helse Førde AMK melde at to personar var innblanda i ulykka. Den eine vart frakta til sjukehus i Førde, medan den andre vart dimittert på staden.

Vegen var sperra etter ulykka, men vart opna i eine køyrebana, og trafikken vart dirigert av politiet på staden. 

Oppryddingsarbeidet var ikkje ferdig på ulykkesdagen, og onsdag ettermiddag melder Vegtrafikksentralen i Lærdal at oppryddingsarbeid med bilbergar skal skje frå midnatt, onsdag.

Medan bilberginga pågår vil vegen mellom Skei og Byrkjelo bli heilt stengt, og opprydningsarbeidet er venta å vare fram til 03.00.

Artikkeltags