Vegtrafikksentralen: – Folk har for store forventingar til at det skal vere berr veg

NEDRINGT: Natt til torsdag har vore den travlaste på vakt i vinter for Marius Råve i vegtrafikksentralen. Her frå fv. 614 Grytadalen ved Magnhildskaret. I dette området har det kome inn meldingar om glatte vegar.

NEDRINGT: Natt til torsdag har vore den travlaste på vakt i vinter for Marius Råve i vegtrafikksentralen. Her frå fv. 614 Grytadalen ved Magnhildskaret. I dette området har det kome inn meldingar om glatte vegar. Foto:

SAMFERDSLE: Vegtrafikksentralen har blitt nedringt om glatte vegar, men synest folk klagar for mykje: – Det er mykje tyt. Vi bur i eit vinterland og det er sjette desember, seier trafikkoperatør Marius Råve

DEL

– Vi har hatt ei av dei travlaste nettene fram til no i vinter, seier Marius Råve, trafikkoperatør i Statens vegvesen, til Firda torsdag morgon.

Stort sett har det kome meldingar om glatte vegar frå områda i Florø, Førde og Bremanger. Også på Langeland har det kome inn telefonar.

Men ikkje alle telefonane som kjem inn, er Råve like begeistra for:

– Beklagar uttrykket, men det er mykje «tyt» Vi bur i eit vinterland og det er sjette desember. Mange av vegane i Sogn og Fjordane er små sidevegar. Det er ikkje det at dei er uviktige, men hovudvegnettet blir prioritert først med europavegane og riksvegane.

– Betyr det at du meiner de får ein del telefonar som ikkje er viktige?

– Det er både òg, men vi får også nokre av dei. Folk har litt for store forventingar til at det skal vere berr veg og ikkje glatt. Det er mykje rart som kjem inn.

– Har du nokre døme?

– Det er folk som ringer oss før dei skal køyre berre for å sjekke korleis stoda på vegane er. Å få salte og strø når det mykje vêromslag er utfordrande, og folk sine forventingar og kva som er realistisk, står ikkje alltid i stil.

Kor mange telefonar vegtrafikksentralen har fått natt til torsdag, er Råve usikker på, men det har vore den mest hektiske til no i vinter, konstaterer han.

Råve ber folk ta omsyn til føret på vegane torsdag og køyre etter forholda.

Artikkeltags