Rykte ut til falsk brannalarm på Førdetunet

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Brannbil rykte ut då brannalarmen gjekk på Førdetunet i sentrum sør laurdag morgon 08.40.

– Brannmannskapet er framme no og har konstatert at det ikkje er brann, men at den automatisk brannvarslinga har gått av, seier Nina Andal hos Alarmsentralen.

Kva som er årsaka til dette er uvisst.

– Det kan vere ein teknisk feil, trykkfall eller noko anna. Det er usikkert, seier Andal. 

Artikkeltags