Brannvesenet rykte ut til heftig matlaging

FØRDE: Automatisk brannalarm gjekk av på Skjæret i Førde.

DEL

Brannvesenet blei varsla av den automatiske brannalarmen klokka 11.07 måndag føremiddag, og rykte straks til ei bustadadresse på Skjæret.

– Dei er på staden og har kontroll. Det er ikkje noko husbrann, men «kraftig matlaging», seier vaktleiar Terje Birkeland på Alarmsentralen.

Det skal ikkje ha vore nokon synlege flammar, seier han.

Artikkeltags