Brannalarmen gjekk - full evakuering på Elvetorget

BRANNALARM: Både kundar og tilsette måtte evakuere Elvetorget då brannalarmen gjekk måndag ettermiddag. Det viste seg snart at det var falsk alarm.

BRANNALARM: Både kundar og tilsette måtte evakuere Elvetorget då brannalarmen gjekk måndag ettermiddag. Det viste seg snart at det var falsk alarm. Foto:

DEL

– Det vart klart at det var falsk alarm før vi rykte ut, seier Terje Birkeland hos Alarmsentralen i Florø.

Alarmen gjekk klokka 14.25.

– Det pågår noko arbeid i bygningane, og i samband med det blei ein brannalarm utløyst. Det fekk vi stadfesta med ein gong, så dette er ikkje noko vi rykker ut på, seier Birkeland.

Mellom Elvetorget og Alti, tidlegare Amfi, samla folk seg ute. Brannalarmen førte automatisk til evakuering av bygget.

Like etter vart dørene opna att, og både tilsette og kundar kunne halde fram med det dei heldt på med då alarmen gjekk.

Artikkeltags