Berre «kaffibål»

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Det tørre vêret kan sette ein stoppar for jonsokbålet.

DEL

På grunn av det langvarige tørre vêret, vurderer brannvesenet i Førde å endre bålløyva som er gjeven på jonsokaftan, til kaffibål.

Dette melder Førde kommune på sine nettsider.

Årsaka er at brannvesenet fryktar at brenning av tradisjonelle jonsokbål kan føre til større brann. Viss det ikkje kjem store mengder regn denne veka, vil endringa vere gjeldande.

I Førde sentrum er det generelt totalforbod mot å brenne bål. Unntak er jonsokbål, men då må ein søkje om løyve på førehand. Ifølgje yr.no er det framleis lokalt stor skogbrannfare i fylket, men dette kan endre seg, då det er meldt regn dei komande dagane.

På nettsidene skriv Førde kommune at det vert opna for at tillaga bål kan brennast ved eit seinare høve, når brannfaren er over.

Om du er i tvil om du kan brenne bål på torsdag, ta kontakt med brannsjefen.

Artikkeltags