Ulmebrann på Sunnfjord Miljøverk

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Dei tilsette skal ha kontroll på brannen.

DEL

Brannvesenet i Førde er på veg til Sunnfjord Miljøverk etter melding om ein ulmebrann.

– Brannen vart varsla av ein automatisk brannalarm. Det har vore ei røykutvikling inne i ein hall, men dei tilsette har fått roa situasjonen. Det skal vere snakk om ein liten ulmebrann. Vi er på veg ut for å få bekrefta at alt er under kontroll, seier vaktleiar på Alarmsentralen, Frode Eide.

Litt etter 12.30 seier Eide at brannen er sløkt.

– Brannvesenet var eigentleg ute og snudde. Dei tilsette hadde fått kjølt ned brannen og klokka 11.52 vart det meldt om full kontroll og ingen varme. Det var ingen dramatikk.

Kva som er årsaka til brannen kan ikkje Eide seie noko om.

Artikkeltags