Slepp fri kvinna som er sikta for brannen i Førde

DEL

Kvinna som er sikta for brannen natt til onsdag i Bøgardsvegen i Førde er no sett fri. Det melder Vest politidistrikt fredag ettermiddag.

– Sikta er avhøyrt og erkjenner ikkje straffskuld etter siktinga. Politiet vil ikkje gå nærare inn på kva sikta har fortalt i avhøyr, skriv dei vidare.

Politiet vil halde fram med kriminaltekniske undersøkingar og avhøyr. Det vil også bli oppnemnd ein brannsakkundig.

Det var klokka 05.44 onsdag morgon at ein av bebuarane i ei blokk i Bøgardsvegen i Førde melde frå om at det brann utanfor ein av leilegheitene i 2. etasje.

Ei kvinne i 40-åra blei sikta for forsøk grovt skadeverk.

– Siktinga per no er på forsøk på grovt skadeverk. Det er det vi har funne grunnlag for å sikte ho for no, så vil etterforskinga halde fram, seier politiadvokat Kristine Bu.

Politiet er i gang med kriminaltekniske undersøkingar, og vil halde fram med dette. Det vil bli gjennomført fleire avhøyr i saka.

Politiet vil også utnemnde ein brannsakskundig.

– Denne vil få mandat til å vurdere brannen, og risikoen ved den.

Bu vil ikkje gå nærare inn på kva kvinna har forklart i avhøyr, anna enn at ho nektar straffskuld.

– Har kvinna og den som bur der nokon form for relasjon?

– Det vil eg ikkje kommentere.

– Er det grunn til bekymring hos naboane for at noko slikt skal skje igjen?

– Når vi no har valt å lauslate kvinna, inneber det også at vi ikkje annser det som nokon stor fare for at tilsvarande skjer igjen.

Folka i rekkehuset i Bøgardsvegen låg og sov då det begynte å brenne ved inngangspartiet til ei av leilegheitene. Nabo Eli Vikøren var vekt av hunden sin, som varsla brannen. Ho fekk igjen kontakta naudetatane, slik at dei rykte ut. I mellomtida sprang ho frå dør til dør og vekte dei som bur i rekkehuset.

Nokre av dei som blei vekte, var ein småbarnsfamilie i etasjen under:

Artikkeltags