Politiet har funne årsaka til brannen på Flatene

TOTALSKADD: Årsaka til at huset som vart totalskadd i brann 30. desember på Flatene byrja å brenne var elektrisk. Det melder politiet.

TOTALSKADD: Årsaka til at huset som vart totalskadd i brann 30. desember på Flatene byrja å brenne var elektrisk. Det melder politiet. Foto:

Politiet har etter undersøkinga konkludert med at det er ein elektrisk årsak til at eit bustadhus byrja å brenne på Flatene 30. desember.

DEL

Førde og Naustdal lensmannskontor melder at det er gjennomført eit titals vitneavhøyr, og at det er gjennomført kriminalteknisk undersøking på staden og av beslag som vart sikra i branntomta, etter at eit bustadhus vart totalskadd på Flatene i Førde 30. desember.

Noko av beslaga er blant anna blitt undersøkt av personell ved Etrygg. Denne undersøkinga har gitt politiet eit svar på at det er ein elektrisk årsak som har ført til brannen. Det er funne spor i den elektriske tilkoplinga i forbindelse med julelys på utsida av huset som gir politiet grunn til å kunne konkludere med at det er ei elektrisk årsak.

Det melder lensmannskontoret i ei pressemelding.

Ingen er mistenkt i saka, og når alle rapportar blir ferdigstilt vil politiet etter alt sannsyn henlegge saka.

Artikkeltags