Brann hos Spesialvarer i Førde

LUFTAR UT: Brannen vart raskt sløkt, men det vart likevel for varmt til at politiet kunne gjere undersøkingar.

LUFTAR UT: Brannen vart raskt sløkt, men det vart likevel for varmt til at politiet kunne gjere undersøkingar. Foto:

I natt var det opne flammar i verkstaden til jernvareforretninga Tools, også kjent som Spesialvarer AS, i Førde.

DEL

Politiet fekk melding klokka 0011 natt til onsdag. Då hadde brannvesen rykt ut til ein automatisk brannalarm i Tools sine lokale i Hafstadvegen 80. Då brannvesenet kom fram såg dei røyk i lokalet.

– Då dei melde om røyk vart også politi og ambulanse kalla ut, seier Dag Olav Sætre, ved operasjonssentralen i Vest politidistrikt.

Brannvesenet tok seg inn i bygget, der dei fann opne flammar ved nokre reolar i verkstaden, iflølge politiet. Brannen skal ha blitt sløkt ganske raskt.

– Det var for varmt til at politiet kunne gjere undersøkingar i natt. Lokalet er lufta ut og låst, og åstaden vil bli grundigare undersøkt i morgon, seier Sætre.

Ingen skal vere skadd som følge av brannen.

Artikkeltags