– Toåringar kan slite med angst og depresjon også

OPPTATT AV DEI MINSTE: Hildegunn Fauske er barnepsykiater, og er med å arrangere konferansen «Småbarnsdagane» i Førde.

OPPTATT AV DEI MINSTE: Hildegunn Fauske er barnepsykiater, og er med å arrangere konferansen «Småbarnsdagane» i Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Ho meiner foreldre bør stoppe opp og reflektere over at småbarnet også har ei psykisk helse.

DEL

– Små barn har ikkje like lett for å seie ifrå når dei har det vanskeleg. Då er det viktig at vi stoppar opp og ser etter signala.

Det seier Hildegunn Fauske, som er leiar for sped- og småbarnsteamet ved Førde barne- og ungdomspsykiatriske poliklinikk. Ho er med å arrangere konferansen «Småbarnsdagane» ved Sunnfjord hotell denne onsdagen og torsdagen.

Temaet er psykisk helse for born mellom 0 og 6 år. Og fagpersonar frå både psykiatri, helse, barnehage, tannpleie deltar for å lære meir om psyken til dei aller minste, og kva tiltak som trengst.

Viktig å sjå på utviklinga til barnet

– Kva er det så små born slit med?

Dei har jo ei psykisk helse som alle andre. Så det er eit vidt spekter, med alt frå angst og depresjonar til utviklingsforstyrringar og språkvanskar. Men signala ein skal sjå etter er ofte meir generelle med småborn, medan dei eldre borna er meir spesifikke, fortel ho.

Fauske seier at barnet si utvikling er ein viktig peikepinn på den psykiske helsa. 

– Det at utviklinga ikkje går i rett takt med jamaldringar, kan vere ein indikasjon på at dei slit. Så kan ein sjå på om barnet leikar, om dei søker familien for trøyst, om dei viser behova sine tydeleg. Og korleis dei handterer overgangar og vanlege rutinar i kvardagen. Og så må ein legge merke til humøret. Det er eit heilt spekter, og alt heng tett saman seier ho.

– Spør barnehagen først

Kva gjer ein dersom ein lurer på om barnet slit?

Då kan ein spørje barnehagen om korleis dei opplever barnet, og om det er bekymring der. Ein kan også ta det opp med helsesøster eller helsestasjonen. Det er viktig at ein ser på barnet i det miljøet dei er i. Deretter kan ein ta det opp vidare med fastlegen, der ein eventuelt kan få tilvising til BUP, seier ho.

GODT OPPMØTE: Over 200 fagfolk er no samla på Sunnfjord hotell for å lære meir om småbarnspsykiatrien.

GODT OPPMØTE: Over 200 fagfolk er no samla på Sunnfjord hotell for å lære meir om småbarnspsykiatrien. Foto:

Fauske vil ikkje kritisere psykiatritilbodet verken lokalt eller nasjonalt. Men ho trur det kan satsast endå meir på dei aller minste.

– Det er lettare å prioritere dei eldre borna. Men vi må tore å satse meir på dei minste. Det er det samfunnsøkonomisk lurt å gjere, for det kan førebygge seinare psykiske vanskar hos borna.

Får ministerbesøk

Det er 16. gongen at «Småbarnsdagane» blir arrangert, og over 200 har møtt opp i år. Fauske seier at visjonen med konferansen er å få nasjonal og internasjonal fagkunnskap og forsking til byen, slik at lokale fagfolk kan halde seg oppdaterte og engasjerte i temaet.

Medan onsdagsprogrammet handla om observasjon av born, er torsdagens tema kva tiltak ein kan sette inn i heimar med utsette born. I tillegg til førelesingar frå fagfolk, er også Helse- og omsorgsminister Bent Høie innom og snakkar om satsing på psykisk helse for dei minste.

Artikkeltags