Dei hentar juletre for å tene pengar til skuletur

HAR BØRI VED: Adrian Systad Naustheller, Nicolai Kvamme og Johannes Dvergsdal-Volle hentar eit juletre som har utspelt si rolle.

HAR BØRI VED: Adrian Systad Naustheller, Nicolai Kvamme og Johannes Dvergsdal-Volle hentar eit juletre som har utspelt si rolle. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FØRDE: Der det er vilje, finst det ein veg. Klasse 9B på Halbrend vil gjerne på klassetur til Voss.

DEL

– Vi skal hente seks tre i dag. Nokre andre i klassa skal hente tre andre stadar, seier Nicolai Kvamme.

Det var ein av klassekontaktane som hadde ideen opphavleg.

– Vi har og selt kjeks, tennbrikker og lodd, og vi henta tre i fjor og, seier Johannes Dvergsdal-Volle.

Les også: Har du juletreet ståande enno?

Juletre er problem å bli kvitt

Når dei har samla inn trea vert dei kvista og kasta i ein tilhengar før dei vert køyrde til Hesjedalen. Til det får dei sjølvsagt hjelp av ein forelder.

– Vi tek hundre kroner for kvart tre. Det er mest barnefamiliar og eldre som bestiller henting, seier Adrian Systad Naustheller.

Målet for arbeidet er å oppleve litt ekstremsport på Voss. Der gler dei seg til å prøve mellom anna rafting og vindtunnel.

Guri Brattebø bur i Farsundfeltet og er ein av dei som bestilte juletrehenting.

– Dette er eit bra tiltak. Ein fin måte å tene seg pengar på. Juletre er alltid eit problem å bli kvitt, det vert ofte liggande til utpå våren, seier Brattebø, som også nytta seg av tilbodet i fjor.

Treng 90.000 kroner

Rønnaug Dvergsdal er ein av foreldra og eldsjelene bak prosjektet.

– Ungane skal jo på tiandeklassetur. Dei har lyst til friluftsleir på Voss. Då treng vi tre tusen kroner per elev, altså nitti tusen. Førde kommune har bestemt at foreldre ikkje skal betale for slike turar, men dugnad er lov. Difor samlar vi inn juletre. Dei hentar og kvistar juletreet, og køyrer det til Hesjedalen. Enkelte har prøvd å bruke det som fyringsved også.

Sit du framleis med juletreet, og veit ikkje kva du skal gjere av det? Torsdag dreg dei ut på sin siste hentetur ...

NIANDE KLASSE: Nicolai Kvamme, Johannes Dvergsdal-Volle og Adrian Systad Naustheller hentar gamle juletre til inntekt for skuleturen sin.

NIANDE KLASSE: Nicolai Kvamme, Johannes Dvergsdal-Volle og Adrian Systad Naustheller hentar gamle juletre til inntekt for skuleturen sin. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken