Gå til sidens hovedinnhold

Grilling i Sunnfjord – veit du kva som er lov?

Artikkelen er over 3 år gammel

SUNNFJORD: Er det lov å grille? Og om der er det, kvar er det lov? Mange stiller slike spørsmål for tida. Og svaret er faktisk: Ja.

– Vi har ikkje flagga noko forbod, seier brannsjef Bernhard Øberg.

Han meiner folk sjølve må ta vêret og tørken inn over seg, og bruke sunt folkevit.

– Det ser det ut som folk gjer. Eg trur folk flest tek dei naudsynte førehandsreglane.

Vil ikkje anbefale eingongsgrill

– Eingongsgrillar bør ein nok unngå, og det ser det ut som folk gjer. Men på sandgrunn og berg bør det gå an å grille med ein kulegrill, seier Øberg.

 

Han understrekar at det han kan uttale seg om er offentlege plassar.

– Heime på eigen veranda og hage har vi ikkje noko vi skulle ha sagt. Det er eigaren sjølv som bestemmer der, seier han.

Han meiner det ikkje er stå stor fare ved å bruke kulegrill eller gassgrill på verandaen. Heller ikkje i fjøra eller andre sand- og steindekte stader.

– Men eg ser at det er svært tørt til dømes i Parken i Førde. Der bør ein nok tenke seg om før ein set grillen på marka og grillar, seier Øberg.

Om det er kulegrill, gassgrill eller elgrill som vert brukt er ikkje avgjerande.

– Brukt på rett måte er dei greitt trygge alle, seier Øberg.

Får ein del spørsmål

Dei siste vekene har han fått ein del spørsmål om grilling.

– Det er først og fremst skular og barnehagar som har ringt. Dei vil gjerne på turar, eller dei skal ha avslutningar, og samstundes grille. Eg har fått spørsmål om det går an å grille ved Hundsrasta. Og det går, om ein viser aktsemd, seier Øberg.

Han seier at om ein skal på tur og vil grille, så er det lurt å ha med seg ei bøtte eller to.

– Dei som vil til Bekkjevatnet har rikeleg tilgang på vatn, men dei treng noko å bere det i om uhellet skulle vere ute. Ei bøtte, eller i alle fall ein stor plastpose kan vere god hjelp i, seier han.

Aktsemd er stikkordet. Og det føler han folk i området har.

– Folk forstår alvoret. Og det er veldig viktig. Og ein mykje betre måte å gjere det på enn å begynne å messe og tre forbod ned over hovudet på folk. Korleis i all verda skulle vi klart å handheve det, om vi la ned forbod? spør Øberg.

– Vi må rett og slett stole på folk, seier han.

Han vedgår at brannvernet er litt ekstra klare no om dagen, for om det skulle oppstå brann i terrenget, så kan det bli vanskeleg å få has på den.

Kommentarer til denne saken