Rundt 50 stakk av med Lothepus-bok utan å betale

MANGLA BØKER: Butikksjef Ann-Katrin Olsen håpar dei som tok med seg Lothepus-biografien utan å betale kjem og gjer opp for seg.

MANGLA BØKER: Butikksjef Ann-Katrin Olsen håpar dei som tok med seg Lothepus-biografien utan å betale kjem og gjer opp for seg. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE: Butikksjefen ber folk levere tilbake bøkene. – De skal bli møtt med eit smil, seier ho.

DEL

Medan Finn Tokvam og Leif Einar Lothe signerte bøker på Amfi, var det mange som tok med seg bøker utan å betale. Rundt 50 eksemplar av Lothepus-biografien manglar frå stabelen som stod utanfor Notabene.

– Vi har aldri opplevd dette før. Eg snakka med Tokvam og Lothe, og dei hadde ikkje sett liknande heller, seier butikksjef på Notabene, Ann-Katrin Olsen.

Bøkene var stabla like ved der Lothe og Tokvam sat og signerte utanfor bokhandelen. Butikksjef Olsen og andre tilsette måtte fleire gongar stoppe folk som gjekk vidare med bøker utan å ha betalt.

– Dei hevda at dei trudde bøkene var gratis, seier Olsen.

GODT MOTTATT: Leif Einar Lothe blei møtt av eit stappfullt Amfi då han og Finn Tokvam skulle signere den nye biografien laurdag.

GODT MOTTATT: Leif Einar Lothe blei møtt av eit stappfullt Amfi då han og Finn Tokvam skulle signere den nye biografien laurdag. Foto:

Ho har ikkje fintelt, men seier det er snakk om rundt 50 bøker som manglar. Ho reknar med at nokon kanskje har trudd at bøkene var gratis, men fryktar at også nokre har stole med vilje.

Uansett ber ho dei som ikkje har betalt, komme innom bokhandelen og gjere opp for seg økonomisk. Ho seier dei skal bli møtt med ein hyggeleg og høfleg tone.

– Vi blir glade for dei som kjem og betalar, seier ho.

Artikkeltags